Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Stryn

Holtafjellsryggen | Breogfjell

  • +47 41146070
  •  /  km From You
Overview

Ein flott fottur som raskt blir ein av de luftigaste opplevingane på grensa mellom Stryn, Hornindal og Stranda. I Stryn finn ein fleire luftige turar med smale ryggar og egger som må sikrast med tau. Den smale eggen på Holtafjellet nord for Stryn sentrum er ein flott fottur som krydrast med ein svært luftig rygg som krevjer sikring med tau for å kome seg forbi. Klatringa er veldig lett, men her får du verkeleg testa om du har høgdeskrekk.

Turen undervegs
Turen startar frå Røyrhussætra. Herifra går turen opp ein bratt skog til ein kjemr opp på ryggen mellom Røyrhusnibba og Holtafjellet. Når ein når fortoppen etter ca 900 moh. tek eein på klatreutstyr og sikrar over den 250 meter lange luftige ryggen. Klatringa er ikkje vanskeleg, men er så smal at du på eit tidspunkt må ha ein fot på kvar side. Når ein kjem opp på toppen returnerer ein ned til Tverrdalsskaret og vidare ned til Røyrhussætra. Det er også mogleg å gå mot Stryn og avslutte turen ved Garlid.

Vanskegrad
Middels til lang tur som krev god fysisk form, og du bør vere vand til høgder.

Tid: 7-9 timar
Klatregrad: enkel, men luftig
Stigning: ca 1000 høgdemeter

Guidar med høg kompetanse
Breogfjell er ein av aktørane i Norge som stiller strengast krav til sertifisering, erfaring og lokalkjennskap. På fjellklatreturar nytter dei kun internasjonalt kvalifiserte Tindevegledarar (UIAGM/IFMGA) og Tindevegledarar under kvalifisering/aspirantar som kan vise til solid erfaring over fleire år innan krevjande ski-, klatre- og breturer.

Utstyr
Hos Breogfjell er det mogleg å leige utstyr som du manglar. På wwww.breogfjell.no finn du informasjon om utstyret som krevjast for dei ulike turane.

Pris
Vekedager (mandag – torsdag): 2500,- pr/pers ved to og tre deltakarar. 4400,- ved ein deltakar.
Helg (fredag – søndag): 2650,- pr/pers ved to og tre deltakarar. 4500,- ved ein deltakar.

Av kvalitets og sikkerhetsmessige hensyn opererer Breogfjell med maks tre deltakarar per førar på denne turen.

Periode: Juni - November

For meir informasjon og påmelding: breogfjell.no

Bedrifter og større grupper
Kontakt for pris
post@breogfjell.no

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad