Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Tau

Holtaheia - fottur

  • Bjørheimsbygd, Strand
  • +47 51759510
  •  /  km From You
Overview
Details

Holtaheia over Bjørheimsbygd, Strand i Ryfylke, er eit flott turområde i eit spesielt heilandskap. Frå Holtaheia ser ein over til Reinarknuten. Desse to fjella utgjer Bjørheimskjeften, eit innseglingsmerke frå seglskutetida.

Turstiane til Moldhesten og Holtaheia startar frå den same parkeringsplassen. Frå parkeringsplassen er det fleire turmulegheiter. Her går det stiar til Lauvåsen, Svoa, Jarven og innover i Hjelmeland kommune.

Alle turane gir varierte naturopplevingar og til å være såpass lågtliggande, har området overraskande mykje høgfjellspreg.

I 1961 mista 39 engelske skuleelevar, lærarar og mannskap livet i ei flyulykke i Holtaheia. Ved ulykkesstaden er det reist ein minnekross. For dei fleste er toppane Moldhesten og Ormakammen og minnesmerket etter flyulykka naturlege turmål.

Me tilrår å legge turen til Moldhesten og Ormakammen (556 moh) via Krogavatnet og Vassbotn. Her er merka løype som går gjennom open lynghei der du kan finne både rypebær, melbær, røsslyng, blåbær, blokkebær og klokkelyng side om side. Frå dei to toppane har ein panoramautsikt over Ryfylkebassenget og dei høgaste fjelltoppane i indre Ryfylke.

Turen opp til toppen, der minnesmerket står, er ikkje merka, men stien er god og tydeleg. Vegskildring: Kjør riksveg 13 langs Bjørheimsvatnet, og følg skiltet til Holta vidare opp bakken. Følg nytt skilt til Holtaheia, og derifrå vidare på grusveg til vegbom. Løype: Merka til Moldhesten/Ormakammen ca. 2-3 timar. Umerka til Minnesmerket, men god sti. 1 time tur/retur.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
Landskap
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering

Facts

Effort Level
Easy
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Summer
Click to activate
Strand, Norway
The latitude and longitude
59° 4' 14" N / 6° 1' 27" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad