Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vik

Hopperstad Stavkyrkje

I Vik finn du Hopperstad stavkyrkje, som er bygd 1130. På slutten av 1800-talet vart kyrkja restaurert med Borgund stavkyrkje som modell.

Funn av eldre stolpar under kyrkjegolvet tyder på at det har stått ei kyrkje der før den vi kjenner i dag. Då kyrkja stod til nedfalls vart ho berga og restaurert slik ho står i dag i 1885 av den kjende arkitekten Peter Andreas Blix, mannen som også berga Hove steinkyrkje frå kring 1170. Blix som mellom anna teikna eit femtitals jernbanestasjonar, grunnla Den Norske Ingeniør- og Arkitektforeining og restaurerte Håkonshallen i Bergen, ligg gravlagd under golvet i Hove steinkyrkje. Saman med den kvite hovudkyrkja i Vik er dette eit interessant kyrkjehistorisk miljø, med kort avstand mellom dei tre kyrkjene, for den som vil studere kyrkjebygningar i stein og tre over ein periode på rundt 900 år. Det høyrer også med til soga at det står ein kopi av Hopperstad stavkyrkje ved "Hjemkomstsenteret" i Moorhead, Minnesota i USA. Opningstider og prisar: www.stavechurch.com


Sesong 01 juni – 30. September

Åpningstider: 09:00 –16:00

Reservasjoner for grupper: tlf. +47 57 69 52 70 (eller +47 57 67 88 40) e-post: hopperstad@stavechurch.com

Priser

Voksne NOK 80

Groups (min. 15) | Pensjonister NOK 70

Studenter/barn over 5 år NOK 60

Familie NOK 200

Last updated: 10/12/2023

Source: Visit Sognefjord AS

Hopperstad Stavkyrkje

Sider du nylig har besøkt