Fana

Hordamuseet - Bymuseet i Bergen

  • Bilde nr 4 underbilde utstilling Foto Tove Breistein__72
  • Bilde nr 3 underbilde utstilling Foto Tove Breistein_72
  • Bilde nr 1 hovedbilde Båthallen Foto Tove Breistein 2_72
  • Bilde nr 8 underbilde håndverk Foto Tove Breistein_72
  • Bilde nr 2 underbilde Båthallen Foto Tove Breistein_72
  • Bilde nr 7 underbilde håndverk Foto Tove Breistein_72
  • Bilde nr 6 underbilde håndverk i smia  Foto Tove Breistein_72
  • Bilde nr 9 underbilde Naustene ved Fanafjorden Foto Tove Breistein_72
  • Auditoriet Båthallen Hordamuseet-4
  • Auditoriet Båthallen Hordamuseet-2
  • Bilde nr 10 Klyngetunet underbilde Foto Tove Breisten_72
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 55308035

  • Hordnesveien 24

    Bergen, Vestland

    Vis i kart

Folkemuseum som skildrar kulturen i Nord- og Midhordland med vekt på næringane fiske, jordbruk, husflid, handverk og bærekraftige tradisjonar.

Til alle tider har folk flest budd på landet, tett på naturen og i balanse med denne. I Vestland Fylke (Hordaland) var tradisjonelt gardsdrift og fiske, gjerne med handverk som attåtnæring, måten ein overlevde på. Landskapet var velpleid. Dyra gjekk på beite i utmarka og heldt vegetasjonen nede. Bakkemurar og steingardar vart bygd og halde ved like. Om sommaren var innmarka dekka av rad på rad med hesjer fylt med tørrhøy, og åkrar med potet og korn. På lunnane framfor nausta låg tjørebreidde færingar og turka i sola. Livet var styrt av årstidene og ikkje av klokka.

Hordamuseet ligg på Stend, med Fanafjorden som næraste nabo. På området er det tydelege spor etter folk som har levd her i fortida. Gravhaugar, ein stor steinsirkel, og eit 34 meter langt naust frå romartida, er sterke uttrykk for maktkonsentrasjon og kultisk aktivitet, nesten 2000 år attende.

På Stend og Fanafjellet har museet bygd opp att mange gamle hus som er henta frå Nord- og Midhordland. Husa vitnar om levesett i eldre tider, om byggeskikk, handverk og kunnskap utvikla gjennom hundrevis av år.

I hovudbygningen til museet kan ein sjå faste og skiftande utstillingar. Utstillingen i Båthallen syner kor grunnleggjande viktig båten har vore for folk ved kysten.

For grupper:

Forhåndsbestilling: e-post: [email protected]

Selskaper:

I Tøsdalsløa kan det dekkes til inntil 70 personer. Holsundhuset kan ta inntil 20 personer. Båthallauditoriet kan ta maks 35 personer.
Kontakt [email protected]

Kilde: Visit Bergen