Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Bygland

Horgeknipen - tur-retur 4 km

Tak av frå riksveg 9 i rundkøyringa ved Byglandsfjord, og fylg fylkesveg 305 over brua til Senum. I påfylgjande vegkryss tek ein til høgre på fylkesveg 304 gjennom Senumsbygda til ein kjem til brua over Bjørndalsbekken, som renn mellom dei to siste husa på venstre side / nordsida av vegen. Der tek ein av og fylgjer ein grusveg 100 meter, der ein kan parkere.

Frå parkeringa fylgjer stien ein grusveg opp Bjørndalen. Der stien delar seg, går du vidare på den merka stien, gjennom skogsterreng og opp til toppen av Horgeknipen. På vegen opp får du utsyn over Byglandsfjorden. Nesten på toppen av Horgeknipen låg det ein bygdeborg for 1500 år sidan. Det er få synlege spor etter denne i dag. Mellom trea på toppen kan du sjå mot Senum i Evje og Hornnes kommune, og i vest og nord mot Byglandsfjord og Grendi i Bygland kommune. Løypa er stengd under elgjakta.

Lengde: 4 km tur-retur

Stigning: 200 meter

Tidsbruk: 2-3 timar

Vanskegrad: Middels vanskeleg på grusveg og sti. Lette parti fleire stader.

Last ned kartblad

Last updated: 01/09/2024

Source: Setesdal

Horgeknipen - tur-retur 4 km

Sider du nylig har besøkt