Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Litlakalsøy

Horgo friluftsområde

På den naturskjønne øya Horgo er det mange lune bukter ut mot storhavet.

Stad:
Nordvest på øya Horgo, sør for Store Kalsøy. Øya er i dag utan fast busetnad.

Areal:
60 dekar.

På den naturskjønne øya Horgo er det mange lune bukter ut mot storhavet. Tidlegare var dette friluftsområdet eit småburk på totalt ca. 60 dekar inn-og utmark. I 1988 overtok Friluftsrådet forvaltninga av området. Sør i Austrevågen finn du flytebrygge og informasjonstavle. Du kan følgje stien frå kaiplassen fram til huset. Dei som leiger kystledhuset har rett til å disponere ein plass ved flytebrygga i Austrevågen.

Det er ei rommeleg og god hamn i Vestrevågen, med gode ankringstilhøve og fortøyningsboltar. Når sjøen står på frå vest og nordvest er det vanskeleg med innsegling. På øya beitar villsau for å halde kulturlandskapet i hevd. Vis omsyn til dyra, dette gjeld spesielt i lamminga i midten av april måned. Hundar må haldast i band! Utanom friluftsområdet er Horgo i privat eige. Gjestar må ta omsyn til dette og respektere private eigedomar.

Utleige av huset på Horgo Våningshuset på eigedommen kan leigast etter avtale med Friluftsrådet.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Horgo friluftsområde

Sider du nylig har besøkt