Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
invalid widget [plugins_social_instagram_liked_media] []
Search
or search all of Norway
Bremanger

Hornelen - Europas høgste sjøklippe

  • Hunskår, Bremanger
  •  /  km From You
Overview
Details

Bestig Europas høgste sjøklippe! Dette er turen for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving. Stien kan vere nokså krevjande og bratt, men til gjengjeld kan ein nyte fantastisk utsikt undervegs. På toppen (860 m.o.h.) er det storslått panoramautsikt over tronge fjordar og høge fjell til små øyer yst i havgapet. Om du tørr kan du legge deg på kanten av stupet og kikke nesten loddret ned på båttrafikken 860 meter under deg.. 

Delar av løypa har bratte oppstigningar, og er krevjande. Turen passar for dei som er vant med å gå i fjellet og i ulendt terreng. Å gå opp Hornelen er ein heil dagstur, men det er vel verdt strevet! 

Sesong
Den beste tida å gå er vår, sommar og tidleg haust (mai-september). Ein kan ikkje gå opp Hornelen når det ligg snø på fjellet. Den tida av året det blir tidleg mørkt må ein planlegge slik at ein er komen ned att før det begynner å mørkne.

Reise hit
Bremanger er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen og Nordfjord, med Smørhamn som stoppestad. Sjå www.norled.no for rutetider og bestilling av billetter. 

Med bil frå Bergen:
Følg E39 nordover til Førde, og deretter Naustdalsvegen mot Florø. Ta til høgre når du kjem til skilt merka Svelgen, og følg veg 614 vidare mot Rugsund. Ta til venstre etter den undersjøiske tunnelen og køyr til Hunskår, som ligg heilt i enden av vegen. Her er startpunktet for løypa. Det er parkeringsplass ved kapellet. 


Transport til Hornelen
Knutholmen i Kalvåg tilbyr vandrepakke til Hornelen med overnatting, matpakke, turbeskriving og transport tur/retur Kalvåg-Hornelen. 

Guida tur
Norway Adventures tilbyr guida turar til Hornelen. 
E-post: info@norway-adventures.com
Tlf: 994 04 207

Keipen turlag organiserer kvar sommar tur til Hornelen. Sjå Keipen Turlag si heimeside for meir informasjon. 

Turbeskrivelse
Det er to ruter opp til Hornelen, med start frå enten Hunskår eller Berlenset. Den flottaste utsikten får du om du går opp frå Hunskår og ned til Berleneset. Turen tek omlag 8-10 timar t/r, og er dermed ein flott dagstur. Det er ein nokså krevjande tur, og dei som går bør ha litt fjelltrening og vere vant med å gå i bratt terreng – det kan vere ei utfordring for knea når ein skal ned att.

Start Hunskår:
- Tid: 7-8 timar t/r
- Høgd: 860 moh

Start ved enden av vegen på Hunskår. Stien er godt merka med raude T-ar og vardar, og ein går først i same retning som bilvegen, over Ramarhammaren, før ein svingar mot sørvest. Første del av stien kan vere litt fuktig, men etter ca 200 høgdemeter kjem ein innpå tørr sti. Stigninga opp til 500 moh. er jamt bratt på gras- og lyngmark. Her har ein flott utsikt mot Skatestraumen, Rugsund og Måløy. Ein kjem til eit vatn, og her kan ein gjerne ta ein lengre pause og nyte noko av nista. Dei siste 250 høgdemetrane før ein kjem opp på platået går i meir steinlendt terreng og med brattare og flatare parti. Resten av turen er med svak stigning, ein liten unnabakke og ca 100 meter med brattare stigning mot toppen.

Turen opp er bratt, men ruta ligg trygt i terrenget og bør vere muleg å gjennomføre også for dei med litt høgdeskrekk. Det er tilgang på vatn heile vegen opp. Turen til toppen tar ca 4 timar.

Når du kjem på toppen er den fantastiske utsikten lønn for strevet. Det er bygd ei lita steinhytte på toppen av Hornelen, og her ligg også eit norsk flagg du kan heise om veret tillet det!

Om ein ynskjer ei slakare nedstigning og litt anna utsikt, kan ein gå ned til Berleneset. Returen ned til Berleneset følgjer same rute som vegen opp det første stykket, før stiane delar seg og ein tek sørvestorver. Her går ein inn på ein god sti i fjellsida over Frøysjøen. Stien går litt opp og ned i terrenget utover mot Berleneset. Etter 1,5 – 2 timar kjem ein ut på ryggen, og ein ser ned i Berleopllen. Frå ca 200 moh. er det eit litt bratt parti, men stien er tydeleg og det er fint å gå. Den siste strekningar går i lyng og på berg, og ein kjem ned på austsida av Berlepollen.

Start Berleneset:
- Tid: 8-10 timar t/r.

Denne ruta er noko lenger enn frå Hunskår, men lettare å gå – ei løype som egnar seg godt til ein lang familietur. Likevel er det nødvendig med litt fjelltrening før ein legg ut. Ruta gir deg ei stor naturoppleving med fantastisk utsikt!

Ein startar frå Lisete på Berleneset. Stigninga i begynnelsen er ganske bratt, men det flatar ut etterkvart og det blir ei meir gradvis oppstiging. Stien er godt og tydelig merka. På siste del av stien mot toppen kjem ein inn på stien frå Hunskår.

Kilde turbeskriving: Boka “Opptur Sogn og Fjordane”.

Ut på tur med hund?
Planlegger ein å ta med seg hund på tur til Hornelen må hunden ha potesokker. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
General
Outdoor Activities
Effort level
  • Utfordrende:
  • Ekspert:
  • Middels:
Landscape
  • Kystområde:
  • Fjordområde:
  • Innsjøområde:
  • Fjellområde:
Season
  • Hele året:
  • Vår:
  • Sommer:
Hiking
  • Dagsturer (5-11 timer):
  • Merkede turstier:
  • Korte vandreturer (1-4 timer):

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Coastal area
Season
Spring
Click to activate
Bremanger, Norway
The latitude and longitude
61° 52' 12" N / 5° 12' 39" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad