Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Skatestraumen

Hornelen Via Ferrata (Hekseveggen)

Er du klar for ei adrenalinfylt friluftsoppleving utan sidestykke? Hekseveggen er ei rute på Hornelen Via Ferrata, ein ny Via Ferrata som boltrar seg i veggen opp Europas høgaste sjøklippe. Loddrett spenning med sjøen rett under og ørna svevande ved sidan av deg er noko du seint vil gløyme!

Er du klar for å ein friluftsoppleving utan sidestykke? Hornelen Via Ferrata er ein
heilt ny Via Ferrata som boltrar seg opp forskjellige ruter på veggen til Europas
høgste sjøklippe.
Hekseveggen byr på loddrett spenning med sjøen rett under deg og luft rundt deg
er noko du og dine seint vil gløyme. Alle turar i Hornelen Via Ferrata sitt anlegg må
skje med guide.
Denne guida halvdagsturen går føre seg på den nedre delen av Hornelen Via
Ferrata kalla Hekseveggen. Turen er eit godt val for dei som ønskjer ein kortare
klatretur, med moderat vanskegrad. Alle som ynskjer å klatre Olavsrute, må først
klatre Hekseveggen, for at guidane skal sjå om ein er skikka. Denne veggen byr på
utfordringar for alle, og er ei luftig oppleving å krysse rett over skipsleia.
•Klatre ein Via Ferrata i så spektakulære, luftige omgjevnader skaper djuptgåande
meistringskjensle og glede.
• For deg som er sporty og har lyst til å utforska ein ny aktivitet, aleine eller på
familie- eller vennetur
•Dei dyktige guidane tek hand om din og gruppa sin sikkerheit, slik at du kan
fokusere heilt på di eiga klatring og opplevinga i gruppa.

Pris: 1995,- pr. person
•Halv dag (ca. 6 timar)
•Vanskegrad: Moderat nivå, på Via Ferrata skalaen frå A til F er Hekseveggen ein
C/D. Nokre overhengande parti.
•Min. vekt 40 kg / maks 120kg
•Min. 14 år (treng waiver underskrive av ein vaksen).

Turen startar med ein gåtur i fjøra, ca. 45 min. Så blir det ca. 3 timar klatring også
blir det retur til utgangspunkt på ca. 1,5 time

Inkludert i prisen:
• Tilgong til Via Ferrata klatreløypa
• Hjelm
• Sele
• Via Ferrata Slynge
• Guide

Treng sjølv:
• Sko
• Passande kledning
• Hanskar (kan tas med eller kjøpast i butikken)
• Dagstursekk
• Matpakke og drikke (ingen vatn tilgjengeleg undervegs)

Kilde: Nordfjord

0

Hornelen Via Ferrata (Hekseveggen)

Sider du nylig har besøkt