Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Skatestraumen

Hornelen Via Ferrata (Olavsruta)

Er du klar for ei adrenalinfylt friluftsoppleving utan sidestykke? Hornelen Via Ferrata er ein ny Via Ferrata som tar deg 860 meter til topps opp Europas høgaste sjøklippe. Loddrett spenning med sjøen rett under og ørna svevande ved sidan av deg er noko du seint vil gløyme!

Den guida heildagsturen går heilt opp til toppen av fjellet Hornelen. Du vil definitivt kjenne adrenalinet her! Sjølve klatreturen går i to etappar, den nedre delen byr på moderat vanskegrad, men etter kvart som du held fram oppover veggen, vil klatreturen bli meir utfordrande og avansert.

•Klatre ein Via Ferrata i så spektakulære, luftige omgivnader skaper djuptgåande meistringskjensle og glede. Å klatre kanskje den mest luftige Via Ferrataen i verda krev litt, men påskjønninga er stor!
•For deg som er i god form, har god kroppsstyrke, har erfaring med lange fjellturar, har klatra Via Ferrata før og har lyst til å utfordra deg sjølv i trygge omgivnader med guide
•Dei dyktige guidane tek hand om din og gruppa sin sikkerheit, slik at du kan fokusera heilt på di eiga klatring og opplevinga i gruppa.
Er du klar for ei adrenalinfylt friluftsoppleving utan sidestykke? Hornelen Via Ferrata
er ein ny Via Ferrata som tar deg 860 meter til topps opp Europas høgaste
sjøklippe. Loddrett spenning med sjøen rett under og ørna svevande ved sidan av
deg er noko du seint vil gløyme! Denne Via Ferrataen er kun mogleg å gå med
guide.

Den guida heildagsturen går heilt opp til toppen av fjellet Hornelen. Du vil definitivt
kjenne adrenalinet her. Turen startar frå Smalsarhuken, gapahuken der
Hekseveggen endar opp. Derifrå byr ruta på aukande vanskegrad, før den endar
opp i cruxet rett før toppen. Her møter ein 30 meter overhengande klatring som
verkeleg får adrenalinet i gang.
I tvil om du er god nok til dette? Alle kunder som klatrar Olavsrute må ha klatra
Hekseveggen først. Dette er for å teste om ein har inne nivået, og for å unngå
potensielt farlege situasjoner under toppstøtet.
•Klatre ein Via Ferrata i så spektakulære, luftige omgivnader skaper djuptgåande
meistringskjensle og glede. Å klatre kanskje den mest luftige Via Ferrataen i verda
krev litt, men påskjønninga er stor!
•For deg som er i god form, har god kroppsstyrke, har erfaring med lange fjellturar,
har klatra Via Ferrata før og har lyst til å utfordra deg sjølv i trygge omgivnader med
guide.
•Dei dyktige guidane tek hand om din og gruppa sin sikkerheit, slik at du kan
fokusere heilt på di eiga klatring og opplevinga i gruppa.
Pris: 2495,- pr. person

•Heil dag (ca. 8 timar)
•Vanskegrad: Ein krevjande klatre- og fjelltur. På Via Ferrata skalaen frå A til F, er
Olavsrute ein F.
•Min. vekt 40 kg / maks 120kg
•Min. 16 år (treng waiver underskrive av voksen)
•Min 2 maks 4 personar i ei gruppe
•Sesong frå starten av Mai-September
•Etter klatringa (og etter du har nytt utsikta) går du ned ein tilrettelagd tursti i eit
storslått vestlandsk kystlandskap med litt krevjande terreng enkelte stader. Her er
det mogleg å møte andre frå turfølget som ikkje tek turen opp.

Inkludert i prisen:
• Tilgang til Via Ferrata klatreløypa
• Hjelm
• Sele
• Via Ferrata Slynge
• Guide

Treng sjølv:
• Sko
• Passande kledning
• Hanskar (kan tas med eller kjøpast i butikken)
• Dagstursekk
• Dobbel matpakke og dobbel drikke (dobbel mengd frå normal tur, ingen vatn tilgjengeleg undervegs).

Last updated: 04/23/2024

Source: Nordfjord

Hornelen Via Ferrata (Olavsruta)

Sider du nylig har besøkt