Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Davik

Hornelen Via Ferrata, Guida heildagstur, Olavsruta

Er du klar for ein friluftsoppleving utan sidestykke? Via Ferrata Hornelen tar deg 860 meter opp Europas høgaste sjøklippe

Loddrett spenning med sjøen rett under deg og luft rundt deg er noko du og dine seint vil gløyme. Hornelen Via Ferrata har to løyper; Olavsruta og Hekseveggen. Olavsruta er heile løypa, frå fjæra til fjellets topp. Velkommen til ditt neste eventyr hos Hornelen Via Ferrata!

Den guida heildagsturen går heilt opp til toppen av fjellet Hornelen. Du vil definitivt kjenna adrenalinet her! Sjølve klatreturen går i to etappar, den nedre delen byr på moderat vanskegrad, men etter kvart som du held fram oppover veggen, vil klatreturen bli meir utfordrande og avansert.

Klatre ein Via Ferrata i spektakulære, luftige omgjevander skaper djuptgåande meistringskjensle og glede. Å klatre kanskje den mest luftige Via Ferrataen i verda krev litt, men påskjønninga er stor!

For deg som er i god form, har god kroppsstyrke, har erfaring med lange fjellturar, har klatra Via Ferrata før og har lyst til å utfordre deg sjølv i trygge omgjevnader med guide

Dei dyktige guidane tek hand om di og gruppa si sikkerheit, slik at du kan fokusere heilt på di eiga klatring og oppleving i gruppa

Pris

Per person 1695,-

Inkludert i prisen:

Tilgang til Via Ferrata klatreløypa

Via Ferrata klatreutstyr

Hjelm

Sele

Via Ferrata slynge

Guide

Du treng sjølv

Sko

Passande kledning

Hanskar (kan takast med eller kjøpast i butikken)

Dagstursekk

Dobbel matpakke og dobbel drikke (dobbel mengd frå normal tur, ingen vatn tilgjengeleg undervegs).

Informasjon om turen

Heil dag (8 timar)

Vanskegrad: Ein krevjande klatre- og fjelltur, første del moderat andre del avansert

Retrettmulighet etter første del

Min. vekt 40 kg / maks 120 kg

Min. 16 år (treng underskriv av vaksen)

Min 2 maks 4 personar i ei gruppe

Sesong frå starten av juni - oktober

Etter klatringa (og etter du har nytt utsikta) går du ned ein tilrettelagd tursti i eit storslått vestlandsk kystlandskap med litt krevjande terreng enkelte stader

Kilde: Visit FjordKysten

0

Hornelen Via Ferrata, Guida heildagstur, Olavsruta

Sider du nylig har besøkt