Bremanger

Hornelen

  • Tre vandrarar står på ein bratt klippe over ein blå fjord, med øyar og fjerne fjell under klar himmel..
  • Tre vandrarar med ryggsekk står og sit på ei steinete fjellhylle med utsikt over ein solglitrande fjord og fjell..
  • Tre turgåarar med ryggsekk står på steinur i fjellet og ser ut mot hav og fjord under klar himmel..

    Bestig Europas høgaste sjøklippe. Vandring på Hornelen er for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving.

    Frå toppen av Hornelen stuper bergsida 860 meter loddrett ned i Frøysjøen – ein av dei mest dramatiske naturopplevingane du finn langs norskekysten. Vandring på Hornelen er ei spektakulær oppleving for dei som søkjer storslegen natur, vidstrakt utsikt og litt av det eventyrleg ukjente.

    Vil du utfordre deg endå meir? Hornelen Via Ferrata gir deg høvet til å oppleve den mektige klippeveggen frå ei heilt anna vinkel. Som base for turen kan du nytte Kalvåg, Svelgen, Davik eller Ålfoten – alle med tilgang til overnatting og lokale aktørar.

    Ifølgje segna brukar heksene å kvile på Hornelen på vegen til og frå Bloksberg. Salige kong Olav Tryggvason klatra visstnok opp den bratte bergveggen, men vanlege dødelege går ein lengre og slakare tur – anten frå Berleneset eller Hunskår. På toppen er det visst mange forsteina troll, så møter du ei heks, bør du by på ein kjeks.

    Stien er krevjande og bratt, men til gjengjeld kan du nyte fantastisk utsikt heile vegen opp. Oppe ventar eit storslege panorama over tronge fjordar, høge fjell og små øyar yst i havgapet. Kontakt overnattingsstadene i området for tips til guida turar og ruter.

    To ruter til toppen:
    Det er to merka ruter opp til Hornelen – frå Hunskår og frå Berleneset. Den flottaste opplevinga får du kanskje om du går opp frå Hunskår og ned til Berleneset.

    Frå Hunskår: Start ved enden av vegen på Hunskår. Stien er godt merka med raude T-ar og vardar. Første del kan vere litt fuktig, men etter ca. 200 høgdemeter kjem du inn på tørr sti. Stiginga er jamt bratt over gras- og lyngmark med flott utsikt mot Skatestraumen, Rugsund og Måløy. Etter eit vatn der du kan ta pause, går dei siste 250 høgdemetrane i meir steinlendt terreng. Rekn med god tid til toppen.

    Frå Berleneset: Ruta frå Berleneset er noko lengre, men lettare å gå – og eignar seg for ein lang familietur for ein fjellvant familie. Start frå Lisete på Berleneset. Stiginga er brattast i starten, men flatar ut etterkvart. Stien er godt merka og møter ruta frå Hunskår mot toppen.

    Hornelen Via Ferrata – for dei som vil klatre
    Ynskjer du ei endå meir nervepirrande oppleving, er Hornelen Via Ferrata svaret. Her sikrar du deg langs den mektige klippeveggen med stålwire og jerntrinn – ei oppleving som kombinerer klatring og fjellvandring på ein heilt unik måte. Fleire aktørar i området tilbyr guida turar. Ta kontakt med overnattingsbedrifter og lokale aktørar i Kalvåg, Svelgen, Davik eller Ålfoten for å planlegge turen.

    Kva bør du ta med?
    ● Gode tursko eller fjellstøvlar
    ● Niste og drikke
    ● Vindtett jakke – det kan vere kaldt og blåsete på toppen

    Begge rutene er krevjande og bratte. Det er tilrådd med fjellerfaring før du legg ut.

    Kilde: Nordfjord