Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Sogn og Fjordane VOLDA

Hornindalsrokken

  •  /  km From You
Overview

Det er mange fjell som knivar om merksemda i Nordfjord. Men Hornindalsrokken stikk seg fram.

Med sin kvasse profil er det nesten umogleg å ikkje bite seg merke i fjelltoppen nord for Hornindalssætra. Men korleis ser verda ut frå toppen? Hornindalsrokken, eller “Rokken” som ho vert kalla blant vener, spelar tøffare enn ho er. Frå inst i Sætredalen går stien bratt oppover, men det går overraskande lett for fjellvande vandrarar. Og det er berre ein ting å seie om utsikta. Ho rokkar.


Frå Horndøla bru er det 1,5 km på bomveg opp til Hornindalssætra. Rett før sætra er det laga parkeringsplass for bilar. Oppe i fjellsida, vest for sætra, går ein tidlegare anleggsveg inn til foten av Hornindalsrokken. Vegen er lett og fin å gå på. Ein kan rekne ca 1,5 t frå sætra og til foten av Hornindalsrokken.

Lengst inne i dalen går ein mellom dei to vatna (Blåvatnet og Store Luka). Herifrå går stien bratt oppover, omtrent rett nord, langs eit tydelig skrådrag opp heile fjellsida. Når ein kjem opp på kanten, må ein ikkje gå direkte mot toppen. Frå denne sida må ein klatre for å kome opp. Du må derimot halde deg nede i sida, runde toppen og kome opp på nordaustryggen som du følgjer til topps. Siste delen er bratt og luftig.

Det er ein stor fordel å ta med guide på turen. Tilbydarar i regionen er Destinate, Uteguiden, Norway Adventures og Breogfjell.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages