Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Norway Now
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Stranda

Hotel Union Geiranger

  • +47 70268300
  •  /  km From You
Overview

Velkomen inn i naturen sitt mektige rom med stupbratte fjellveggar, med fossar som draperi og ein storslått fjord. Hotel Union Geiranger ligg midt i hjartet av Noregs vakraste natur. Sjølv dei mest blaserte gir seg over i begeistring over synet av fossar og stryk, Geirangerfjorden og fjellgardane med sine utrulege historier. Vi ønskjer deg varmt velkomen til eit opphald med uforgløymeleg service, god, lokal mat laga av utsøkte råvarer, spa for velvære og ro, og verdas vakraste fjord rett utanfor vindauga.

Meir enn hundre år med kvalitet og personleg service er ikkje tilfeldig. Vi veit at gode opplevingar blir skapt av små, gjennomtenkte detaljar. I dag blir Hotel Union drive av fjerde generasjon Mjelva. Både stab og vertskap er stolte over å få lov til å oppfylle små og store draumar for gjestene.

Vi har god plass på Hotel Union. Hotellet har ein open resepsjon som slepp inn lys og natur gjennom store vindauge. Frå salongen kandu sjå over Geirangerfjorden, den vakraste fjorden i verda, som i dag står på Unesco si verdsarvliste.

Du kan velje mellom 197 rom, av dei fleire suitar. Romma er innreia med omtanke og særpreg, og har høg standard.

Hotel Union er eit av dei mest etterspurte konferansehotella i landet. Styrken vår er kapasitet, kunnskap og fleksibilitet. I tillegg skreddarsyr vi spesielle opplevingar ute og inne.

Vår filosofi er å lage god, norsk mat av dei aller beste råvarene. Maten blir laga av dyktige kokkar med stor sans for matkunst. Kjøkenet på Union lagar helst maten frå grunnen av, og mange av oppskriftene har fylgt hotellet i generasjonar. Spesialitetar frå nabogardane har fast plass på menyen, medan den vakre fjordutsikta er sjølve ramma rundt måltidet. Hotel Union har fleire restaurantar og barar der maten vert servert med varme og omtanke.

Lykka er å ha litt ekstra tid til seg sjølv og hjå oss får du oppleve kva komplett velvære kan utrette for deg. Union Spa er pleie av mental helse, nedstressing og inspirasjon på same tid. Ekte, reine og annleis vatnopplevingar, reinsing og behandlingar.

Naturen utanfor hotellet er storslått, sumar som vinter. Det finst mange flotte turval langs merka stiar, anten ein vil gå kort eller langt. Dessutan kan ein dra på fjordcruise under fossefalla, utfluktar til fjellgardane, ta ein dagstur til jugendbyen Ålesund eller symje under stjernene om vinteren.


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS

Facts

Season
All Year
Click to activate
Stranda, Norway
The latitude and longitude
62° 5' 48" N / 7° 12' 38" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad