Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sunnfjord

Hovefossen

Bestill

Ta turen innom flotte Naustedalen å ta ein titt på Hovefossen, du vil garantert bli begeistra!

Biltur

Ein biltur inn i Naustedalen vil du ikkje angre på. Besøk vakre Hovefossen så klart og drøym deg litt vekk. I dalen finn du toppturar, høge fjell og fjord. Elles eit fint område med bygdekultur og tilbod om hjortejakt og laksefiske. Litt lengre inn i dalen er jokerbutikk og kafé å finne.

Flott fiskeplass

Hovefossen er ein flott fiskeplass. Her er valdet delt i ei sone på oversida av fossen og ein på nedsida. I sjølve fossen er det laksetrapp som blei bygd i 1975. På denne måten kunne Anadrom fisk passere Hovefossen og gå vidare åtte kilometer oppover til Kallandsfossen. På dette strekket er det fine gyte- og oppvekstområde og smoltproduserande areal. Valdet på hovedsida av Fylkesveg 512 startar oppe under fredningssona nedanfor Hove bru og går hundre meter nedover. I nedre kant er grensa mot naboen merka med aluminiumsbolt. Valdet ligg i eit naturleg avskjerma området i spennende, intens og utfordrande natur med fosser, høler, stryk og stillare område. Fiskeplassar og val av utstyr vekslar mykje avhengig av vassføring. Ei lita øy i elva inngår i valdet.

Ta kontakt med grunneigar for interesse av fisking i Hovefossen.

Sikkerheit nær fossen

Ver venleg å respekter at fossen representera sterke naturkrefter, som kan vere farleg. Ikkje berre er straumane sterke om du fell uti, men bakken i nærheita er ofte glatt og våt, mens klippene er bratte og høge. Hald deg til oppmerka sti. Om vinteren er det is rundt fossen, og på våren er vannstanden høg.

Korleis kome seg til fossen

For å kome seg til Hovefossen må ein svinge av til høgre inn på Naustedalen 6817 veg før Riksveg 5 Naustdalstunnelen mot Florø. Derifrå er det ca. 2 km til du kjem fram til Hovefossen.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Hovefossen

Bestill

Sider du nylig har besøkt