Storebø

Hufthamartunet

  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 55081000

Dei siste fastbuande flytta ut i 1970 og tunet er no teke godt vare på som bygdatun.

På Hufthamartunet finn du ei årestove. Ei årestove er eit tømmerbygd hus med ein åre midt i rommet, der open eld gjev både ljos og varme. Røyken stig fritt ut i rommet og ut gjennom ljoren, ei opning i taket. Huset hadde ikkje vindauga, så dagsljoset kom ned gjennom ljoren og spreidde seg ut i romet. I gamal tid var årestova det einaste oppvarma huset på garden; her sov dei, her kokte dei maten sin, og her levde dei.

Ope for omvisning etter avtale.

Sesongope sommaren 2024

I tida 25. mai - 11. august er museet ope på desse dagane:

Fredag kl. 12:00 - 16:00
Søndag kl. 12:00 - 16:00

Sommarutstillinga 2024


Fotoutstillinga «Austevoll gjennom nålauge og fuglefokus» står gjennom sommaren. I år er det dei lokale fotografar Anita Nordeide og Håvard Melvær som er utstillarar. Anita tek i bruka veggane i Nystova til sine foto av lokale fuglar. Det er ein kunst å få fokus på fuglar som flyg så snart dei har sett seg ned. Håvard tek i bruk den gamle metoden «nålaugefoto» og fangar bygg og natur i Austevoll utan redigering og moderne digitale løysningar.

Sommarutstillinga opnar laurdag 25.mai – kl. 13.00

Gjennom sommaren vert det fleire ulike aktivitetar. Desse vert annonserte på Austevoll kommune si heimeside og på facebook. Sjå i tillegg Hufthamartunet si eigen facebookside.

Grupper kan avtala andre besøkstider på tlf. 55081223

Velkommen til Hufthamartunet!

Kilde: Region Sunnhordland