Storebø
Hufthamartunet

Hufthamartunet er eit gamalt gardstun som ligg like ved ferjekaia på Hufthamar. Den eldste stova er frå 1600-talet. Dei siste fastbuande flytta ut i 1970 og tunet er no teke godt vare på som bygdatun.
På Hufthamartunet finn du ei årestove. Ei årestove er eit tømmerbygd hus med ein åre midt i rommet, der open eld gjev både ljos og varme. Røyken stig fritt ut i rommet og ut gjennom ljoren, ei opning i taket. Huset hadde ikkje vindauga, så dagsljoset kom ned gjennom ljoren og spreidde seg ut i romet. I gamal tid var årestova det einaste oppvarma huset på garden; her sov dei, her kokte dei maten sin, og her levde dei.
Ope for omvisning etter avtale.
Sesongope sommaren 2023 (frå 22. mai)
Torsdag 11-17
Laurdag 11-17
Søndag 11-17
Last updated: 09/11/2023
Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Hufthamartunet