Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

ESPEVÆR

Hummarparken - Espevær

Hummarparken på Espevær er den største i sitt slag i Noreg. Eit unikt byggverk i tre og blikk som no er eit kombinert museum og akvarium! 

Hummarparken på Espevær er den største i sitt slag i Noreg. Eit unikt byggverk i tre og blikk med dei ulike takhøgdene og utbygga. Ein katedral for "havets kardinal" (hummaren). Hummarparken vart bygd i 1887 av Chr. Bjelland, Stavanger.

Parken har eit grunnareal på 950 km2. Taket er på 1500 km2. Ta turen inn i parken på flåten! Parken blei brukt som mellomstasjon mellom fisker og kjøparar på Kontinentet og England. Chr. Bjelland sin lokale oppkjøpar kjøpte hummar frå fiskarane, mata og stelte den, pakka og eksporterte den.

Hummarparken var i drift fram til 1959. Den blei deretter ståande til forfall fram til 1993. Det vart då sett i gang restaureringsarbeid. Dette var ferdig i 1994. Parken er tildelt "Europa Nostra diploma" for godt restaureringsarbeid og vart freda av riksantikvaren. Bygget har stor kulturhistorisk verdi og er ein del av kystkulturen vår. Den er eit minnesmerke over ei eksportnæring som har foregått her frå Espevær i over 300 år. I parken er det samla ein del reiskap som har hatt med hummerfisket å gjera, samt ein del historie om hummar og hummarfisket. Det er og levande hummar og diverse fiskeslag i parken. Eit kombinert museum og akvarium! 

Hummarparken har ope kvar sommar.  Her finst også souvernirbutikk.

Du kan nytte Vipps på Hummarparken.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Hummarparken - Espevær

Sider du nylig har besøkt