Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sand

Husmannsplassen Røynevarden (Ryfylkemuseet)

  • +47 52792950
  •  /  km From You
Overview
Details

Røynevarden ligg opp frå Suldalsvatnet langs riksveg 13 på veg mot Nesflaten i Ryfylke. Truleg har det vore husmannsplass her sidan 1834. Det er i alt seks hus på Røynevarden, to stovehus, løe, sauehus, geitehus og eldhus.

Det går ein sti opp frå vegen til plasset (litt ulendt). Ta gjerne med nistepakka og nyt den flotte utsikten over Suldalsvatnet.

Røynevarden var plass under garden Overskeid på Nesflaten og blei rydda av Jakob Gabrielson. Han hadde truleg stova med seg frå Svones, det første plasset han budde på. I så fall er den eldste stova frå 1820-åra. Dette er ei røykstove, eller rotastova, som dei seier i Suldal. I denne stova budde dei like til 1893, og dei som ikkje fekk plass inne, sov på sauehuslemmen.

Nystova blei kjøpt på auksjon i Litlevik, eit plass lenger nede langs Suldalsvatnet, etter ein husmann som reiste til Amerika med huslyden sin. I nystova blei det mura grue med skorstein. Seinare kom det kokomn ved sida av grua.

Alt kan synest smått på Røyenvarden, men plasset var mellom dei beste i Suldal. På det jamne fødde dei 2 kyr, 5 geiter og noen sauer. Elles avla dei poteter til husbruk, og dei sådde korn på dei mange åkerlappane. Høy slo og samla dei alle stader oppetter fjellskortene. Ved sida av høyet nytta dei mye lauv.

Dei siste som budde på Røynevarden, var Halvor Halvorsen Røynevarden (1864-1950) og systera hans, Randi (1866-1951). Dei flytte frå plasset like etter krigen og selde da husa til museet.

Døgnope og tilgjengelig for publikum heile året. For grupper ved bestilling.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 36' 9" N / 6° 45' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad