Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Husnes

Husnes båthamn

Over 600 meter med gjesteplassar. Toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel til disposisjon for båtgjester.  Gjestehamna er tilrettelagt for rørslehemma.

Servicebygget inneheld fire dusjar, tre toalett samt eit toalett tilrettelagt for rørslehemma. Vaskerom med 2 vaskemaskiner og 2 tørketromlar.  Det er heis på kaien, om nokon av gjestene treng hjelp til å koma seg ombord eller på land. Det er laga feste til denne to stadar i havna, slik at den kan flyttast.

Prisar
Hamneavgift pr døger

Båt opp til 36 fot kr 200,-

37-49 fot kr 275,-

over 50 fot kr 390,-

Lunt og fint område med grillplass er tilrettelagt. I tillegg er det to grillhytter. Danseplatting er bygd opp og står til disposisjon for dei som vil ta seg ein svingom i sommernatta. Det finst òg tennis-, volleyball-, og fotballbane samtl sjakk i storformat.

Kvinnherad Golfklubb ligg like ovanfor båthavna. For dei som likar turar i skog og mark er Husnes, og Kvinnherad generelt, eit eldorado. Kvinnherad Turlag har merka mange flotte turløyper. Sjå www.tursti.kvinnherad.no. 

Husnes er Kvinnherad kommune sin største tettstad. Her ligg handlesenteret Husnes storsenter.  Du finn det meste du skulle trenge her, helsesenter, fleire restaurantar, idrettsanlegg,og offentlege kontor.

Husnes sentrum ligg idyllisk til ved Opsangervatnet.

 

Last updated: 02/01/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Husnes båthamn

Sider du nylig har besøkt