Husnes

Husnes Sentrum Hotell

Bestill
  • Husnes Sentrum Hotell i sentrum av Husnes, eit perfekt utgangspunkt for å oppleve Hardanger.
  • Utsikt over Husnes og Hardangerfjorden, nær Husnes Sentrum Hotell.
  • Husnes Sentrum Hotell ved sjøen, nær flotte turmoglegheiter ved Hardangerfjorden.
  • Spasertur ved fjorden nær Husnes Sentrum Hotell, omgitt av roleg natur.
  • Utsikt mot fjord og skog frå eit rom på Husnes Sentrum Hotell.
  • Lyst og komfortabelt rom på Husnes Sentrum Hotell.
  • Triveleg lounge på Husnes Sentrum Hotell – ein plass for avslapping etter sightseeing i Hardanger.
  • Spiseområdet på Husnes Sentrum Hotell med vakker utsikt mot fjorden.
  • Frokostområde på Husnes Sentrum Hotell med juicemaskin, kaffi og moderne fasilitetar.
  • Lyst og innbydande hotellrom på Husnes Sentrum Hotell med store vindauge og avslappa atmosfære.
  • Komfortabelt rom på Husnes Sentrum Hotell med sofa, TV og moderne innreiing.
  • Hotellrom på Husnes Sentrum Hotell med skrivebord, stol og praktisk innreiing for både kvile og arbeid.
  • Reint og moderne bad på Husnes Sentrum Hotell med dusj og lyse fliser.
  • Dronebilete av Husnes Sentrum med plassering av Husnes Sentrum Hotell, omkransa av vakker natur og fjordutsikt.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 90589522

  • Sentrumsvegen 52

    Kvinnherad, Vestland

    Vis i kart

Bu sentralt og komfortabelt på Husnes Sentrum Hotell – med kort avstand til fjord, fjell og den nydelege naturen som kjenneteiknar Husnes & Kvinnherad.

Plassert midt i hjartet av Husnes, regionsenteret i Kvinnherad Kommune, ligg Husnes Sentrum Hotell. Med si sentrale plassering og moderne fasilitetar, er dette staden for deg som vil oppleva natur og kultur, eller berre nyta eit behageleg opphald i rolege omgjevnader.



Hotelltilbodet er enkelt og praktisk, men byr på ein sjarmerande og vennleg atmosfære. Dei nyoppussa romma er lyse og romslege, med komfortable senger som sikrar deg ei god natts søvn. Her finn du alt du treng for eit triveleg opphald: kjøleskap, te og kaffi på rommet, samt Wi-Fi og TV. Frukostsalen og loungen står til disposisjon på dagtid, og i same bygg har ein pizzarestaurant for dei som vil ta ein uformell middag.



Eit opphald på Husnes Sentrum Hotell passar ypparleg for dei som vil oppleva den flotte naturen i Kvinnherad og Hardanger-regionen. Aktivitetar og attraksjonar som Trolltunga, Bondhusvatnet, Malmangernuten, Baroniet Rosendal og Halsnøy Kloster – berre for å nemna nokon – ligg berre ein kort køyretur unna.



Husnes Sentrum Hotell ligg like ved Opsangervatnet – eit nydeleg område for turar og bading, perfekt for dei som vil nyta frisk luft og nydeleg natur. Husnes kan også skilta med eit levande lokalmiljø med kulturhus, kino og bibliotek, samt eit godt utbygd butikksenter med mange ulike butikkar og serveringsstader. Like ved finn du også treningssenteret TrimX, som tilbyr gode treningsfasilitetar for deg som vil halda deg aktiv under opphaldet.



Velkomen til Husnes Sentrum Hotell i vakre Kvinnherad!




  • Hele året

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS