Husum Hotel, Lærdal






Husum Hotel ligg idyllisk til ved breidda av den kjende Lærdalselvi, og sportsfiske etter laks har lange tradisjonar på Husum.
Husum er eit lite familiehotell i Lærdal, like ved Borgund stavkyrkje og Kongevegen over Filefjell. Hotelldrifta skriv seg frå 1835, då staden blei driven som skysstasjon. Husum Hotel ynskjer å gje gjestene sine ei oppleving med utgangspunkt i dei tradisjonane som er knytt til staden.
Hotellet sine rom
Hotellets åtte gjesterom har difor tradisjonsrik innreiing, med kvart sitt særpreg. For hotellets gjester tilyr Husum Hotel også ein tre-rettars middag, basert på lokale råvarer. Om kvelden kan du sitja på ein av dei overbygde verandaene, sjå sola gå ned, lytta til suset frå Lærdalselvi og drøyma deg litt vekk - om livet på garden og dei vegfarande som har reist forbi Husum gjennom hundreåra…
Til og frå Husum Hotel
Husum Hotel ligg 20 minutt unna Lærdalsøyri, langs gamlevegen i retning Borgund stavkyrkje. Lærdal har i lang tid vore eit knutepunkt mellom aust og vest i Sør-Noreg, då hotellet ligg midt i mellom Bergen og Oslo.
Sogndal lufthavn er næraste flyplass, som ligg 1 time og 15 minutt unna Husum Hotel.
Kontakt hotellet på
For meir informasjon kan du besøka vår nettside www.husumhotel.no, sende oss ein e-post
til post@husumhotel.no, eller ringa oss på +47 57 66 66 00.
Kilde: Visit Sognefjord AS
Husum Hotel, Lærdal