Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Bjorli

Hytte til hytte i Tafjordfjella med fjellski

Eit klassisk hytte-til-hyttetur gjennom dei urørte og mektige Tafjordfjella, Reinheimen nasjonalpark.

Bli med på ei langhelg inn i dei lunefulle, varierte og historiske Tafjordfjella. Det er ikkje utan grunn DNT nettopp oppretta ei ny historisk rute i området.

Tafjordfjella og Reinheimen Nasjonalpark er der Austlandet møter Vestlandet, og kontrastane er deretter. Turen går i ein av Sør-Noregs minst turistifiserte nasjonalparkar og byr på vill og variert natur, med eit rikt dyreliv. Jerv, jaktfalk og reinsdyr er nokre av artane ein kan vere heldige å møte, og for å ta omsyn til dyrelivet følger ein DNT traseen frå nord til sør, og overnattar på DNT-hyttene ein passerer. Du kjem til Billingen på dag tre, der du får nyte ein lokal og fersk tre-rettars middag, og let inntrykka synke inn. Målet med turen er koble av frå kvardagsmas, bli kjent med fjellområdet, kjenne på mestring og skape gode opplevingar med nye bekjentskap i vakker natur!

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Hytte til hytte i Tafjordfjella med fjellski

Sider du nylig har besøkt