Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Skjåk

Skjåk Almenning

Book

Unike utleigehytter i Breheimen og Reinheimen Nasjonalparker.

Skjåk Almenning har 18 ulike hytter til utleige. Enkelte er vegnære og andre med mils avstand frå veg. Fleire av dei i Reinheimen og Breheimen Nasjonalpark – eit alternativ for deg som søkjer stillheit og ro, overnatting i fantastiske omgjevnadar og samstundes oppleve å ha alt dette for deg sjølv!

I Skjåk er det store samanhengande villmarksområde med lite besøkte 2000 meters toppar, 25 mil med fiskeførande elv og meir enn 230 blinkande fiskevatn. Ta med deg familie, vennene dine eller kjærasten – gå (topp)tur eller berre nyt utsikten over dei mektige fjellområda i Breheimen og Reinheimen frå hytteveggen. Turterreng og alternativ for alle, garantert køfritt! Hyttene ligg også glimrande til for “å gå frå hytte til hytte”.

Fasilitetane i hyttene varierer frå innlagt straum og vatn, til meir primitiv standard med vedomn, gassbluss og stearinljos. Alle hyttene er godt utstyrde for matlaging og reinhald. Dei har også litt innhald for å aktivisere born. Med mat og sovepose i sekken har du alt du treng for eit godt opphald.

Last updated: 12/05/2023

Source: Nasjonalparkriket Reiseliv AS

Skjåk Almenning

Book

Sider du nylig har besøkt