Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Voss

I Nansen sine skispor over Vossaskavlen

  • Stasjonsvegen 5, Voss
  • +47 93484041
  •  /  km From You
Overview
Details

Dette er ein flott og lang tur på fjellski frå Finse via Hallingskeid over Vossaskavlen til Mjølfjell. Fridtjof Nansen kryssa desse fjella på ski midtvinters 1884, truleg som førstemann.

Dette er ein flott og lang tur på fjellski frå Finse via Hallingskeid over Vossaskavlen til Mjølfjell. Fridtjof Nansen kryssa desse fjella på ski midtvinters 1884, truleg som førstemann. 

Bli med på ei gjenskaping av Nansen sin sagnomsuste skitur både i ord og handling. Vi følger Nansen si rute over fjellet, og les frå turskildringa hans undervegs. Med moderne utstyr og lokalkjend førar kan vi ta oss trygt fram der Nansen sjølv hadde nok med å berge seg. Mjølfjell Ungdomsherberge øvst i Raundalen dannar eit historisk riktig endepunkt for turen.

 

​Turdatoar i 2019

18-21.mars (ledige plassar).

1-4.april (ledige plassar).

 

Historia

Vinteren 1884 gjennomførte Fritjof Nansen ein sagnomsust skitur. Etter å ha delteke i ei tevling på ski i Oslo, nytta han ein kombinasjon av ski og hesteskyss for kome seg heim att til Bergen. Frå dei øvste gardane i Hol i Buskerud satte han kursen over fjellet på ski i retning Uppsete, trass sterke åtvaringar frå dei fastbuande. Han lukkast ikkje i å få med seg ein lokal kjentmann. Med seg hadde han difor berre klea han gjekk i, ein hund til følgesvenn og litt niste i sekken. Han gjekk raskt tom for vatn.

Dei store snømengdene gjorde at han ikkje fann Grøndalssetra nær Hallingskeid, der han visste at han måtte ta av vestover for å finne leia over Vossaskavlen. Han kom for langt nord, ned nokre styggbratte lier like til stupa over Flåmsdalen. Han skjøna da at han var komen feil. Han tok seg tilbake mot Grøndalssetra, men fann ho ikkje. Han vart i tvil om vegen vidare. Tida gjekk, og han vart nøydd til å grave seg ned. Etter ei bitter natt gjekk han tidlig neste morgon opp på ei høgd for å orientere seg. Han skjøna da kva retning han måtte ta, og la i vei over Vossaskavlen. Dei lange bakkane ned mot Kaldavatni og Uppsete var harde og isete, og han heldt på å skli utfor nokre skrentar nær Uppsete.

Historia seier at folket på den næraste garden trudde det var eit troll med ulv til følge som kom ned frå fjellet den kvelden. Aldri hadde nokon kome over fjellet den vegen vinterstid før.

 

Planen dag for dag

Mandag kveld: Oppmøte i resepsjonen på Finsehytta kl 18.00. Vi et middag i lag og blir betre kjent. Om kvelden går vi gjennom utstyret og samlast til eit ferdråd. På ferdrådet blir vi einige om planen for turen, og avklarar den einskilde sine forventningar. Det blir ôg eit kort foredrag om Nansen og hans idé om å krysse fjellet åleine på ski.

Tysdag: Vi står tidleg opp og et frukost i lag. Vi spenner på oss skia og set kursen nordover i herleg høgfjellsterreng mot Såtedalen. Der kjem vi inn på ruta som Nansen nytta over fjellet. Vi vender nasen mot vest i retning Hallingskeid. Vi passerer vegvisar-fjellet Såta (1558) medan sola synk bakom fjella i vest, og tar fatt på dei slake, lange bakkane nedover mot Rallarvegen. På Hallingskeid innlosjerer vi oss i Bergen og Hordaland Turlag si sjølvbetente hytte. Vi lagar middag med mat frå proviantlageret, og kviler ut med beina høgt. Om kvelden blir det høgtlesing frå Nansen sin beretning, der vi får nokre hint om kva utmaningar vi har i vente neste dag. Samla distanse denne første dagen er om lag 24 km, og estimert tidsbruk inkludert pausar blir 7-8 timar.

Onsdag: Tidleg frukost og klargjering til nok ein flott turdag i vinterfjellet. Denne etappen byr på nokre bratte stigningar, vilt og vakkert fjellterreng og friske nedkøyringar. Traséen er krevjande, så det gjelds å treffe på vegvalet. I godt vêr kan vi nyte eit herleg rundskue frå Vossaskavlen (1520). Frå toppen ser vi den vakre Raundalen åpne seg mot vest, ramma inn av kvite fjell. Siste delen av turen er ein sjarmøretappe som går langs Rallarvegen frå Uppsete til Mjølfjell Ungdomsherberge. Der blir det festmiddag, kort avslutningsforedrag og overnatting i mjuke senger. Samla distanse blir om lag 24 km. Om vêret er for dårleg kan det bli naudsynt å vurdere ei enklare rute denne dagen.

Torsdag: Heimreise på eige initiativ. Tog frå Ørneberget retning Voss og Bergen har avgang kl 11.21. 

 

Krav til deltakarar

Dette er ein lang skitur utanfor kvista løyper, som stiller krav til både skidugleik og turform. Du må vere vand med skiturar på fjellski utanfor preparerte spor i vinterfjellet, og ha gode klede. Du treng korkje vere idrettsutøvar eller topptrent, men du må tole å vere på skitur med sekk i ver og vind i 8 timar.

 

Kvifor bli med på denne turen?

Fridtjof Nansen sine ekspedisjonar er kjende for mange. Men visste du at han ofte farta på ski i fjella nær Voss, og nytta desse områda til trening før ekspedisjonen til Grønland i 1888? Og at han blir rekna som ein pioner når det gjeld skigåing for moro skuld her til lands? Denne turen fann stad i 1884, før Nansen vart kjent, og har sidan blitt ein fjellski-klassikar. Nytt høvet til å bli med på ei skitur med historisk sus!

Vinterstid er det ofte barske vertilhøve i desse områda, og det kan vere krevjande å ta seg over fjellet på ski. Som deltakar på denne turen blir du del av eit felleskap som saman sikrar ein trygg og minnerik skitur for kvarandre. 

Føraren din førebur turen grundig ved å skaffe ferske rapportar om forventa vær og føre. Føraren gjer vurderingar undervegs, og treff tiltak som tek omsyn til gruppa og sikrar effektiv framdrift. På denne turen kan du lære mykje om trygg ferd i vinterfjellet, ved å ta del i turhandverket og nyte godt av kunnskapen som guiden har tileigna seg gjennom mange år på tur i vinterfjellet.

 

Utstyr

Du må ha solid fjellskiutstyr som du er kjend med. Skia må ha stålkantar. Gode, varme skistøvlar som du har brukt fleire gonger er særs viktig. Hugs feller til skia, skibriller (goggles), termos og drikkeflaske. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, ullsokkar, varm lue, vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Skredutstyr kan lånast utan ekstra kostnad.

Detaljert pakkeliste sendast ut til deltakarar i god tid før turen. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om utstyr og førebuingar til turen. 

 

Prisar og vilkår:

Pris per deltakar er kr 5350,-

Prisen inkluderar: 

- Røynd, lokalkjend fjellførar frå Wild Voss på heile turen.

- Leige av naudsynt skredutstyr (spade, sendar/mottakar og søkestong).

- Førarens førebuingar til turen. 

- Kost og losji på Hallingskeid.

- Alt naudsynt sikkerheits- og reparasjonsutstyr.

- Kost og losji (fullpensjon) på Finsehytta frå mandag til tirsdag.

- Kost og losji (fullpensjon) på Mjølfjell Ungdomsherberge onsdag til torsdag.

Ikkje inkludert i prisen:

- Transport til Finse mandag.

- Tog frå Mjølfjell torsdag.

- Personleg ulykkesforsikring/reiseforsikring (teiknast av den einskilde deltakar på førehand).

 

Gruppestorleik

1-12 personar. 

​På grupper med fleire enn 8 deltakarar blir det med to førarar på turen.

Spørsmål og påmelding

Påmelding skjer ved å sende epost til Øystein Ormåsen:  post@wildvoss.no .

Har du spørsmål, send gjerne ein epost eller ring 93 48 40 41.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guidede turer
  • Vandring
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages