Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Fyresdal

Igletjønnuten

Ein spennande og krevjande rundtur i høgfjellsterreng.  10,3 km rundtur - 4-5 timar

Svimlande utsyn 
Utsyn og romkjensle får ein på denne turen. Frå Igletjønnuten ser ein mest heile fjellheimen i Fyresdal og på stupet ut mot Fyresvatn får du ein storslagen utsikt over innsjøen og vestover mot Setesdalsheiane.

Historiske stader frå mellomaldaren
Langs ruta kan ein ennå sjå restar etter nedlagde heigardar frå mellomalderen, gardar som vart liggjande aude etter Svartedauden. Ved Brautestøyl litt lenger oppe i lendet er det attgrodde hustufter. Det har vore fleire liknande gardar rundt om i denne heia. Det kan ha vore øydegardar som sidan er tekne i bruk som støylar på 1600-talet og framover. 

Ver oppmerksom!
Turen er ein teknisk vanskeleg turstig som krev god balanse. Delar av stigen har glatte og våte parti – også i godt ver! Me anbefalar difor ikkje denne turen i regnver eller med små barn i beremeis. Sørg for å ha pakka sekken med ekstra varme klede, førstehjelpsutstyr og nok mat og drikke.

Last updated: 03/20/2024

Source: Vest Telemark

Igletjønnuten

Sider du nylig har besøkt