Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details

I idylliske Imslandssjøen står mykje av den gamle busetnaden igjen, blant anna ein restaurert gamal handelsstad. På eigedommen stod på den tida eit hovudhus med butikk, bakeri og sjøhus og eit par naust. "Bakhuset" står ennå, men bakaromnen vart riven rundt 1960. I krambua står den gamle "kringlegryta", brød-spadar og diverse anna utstyr frå bakeriet. I hovudbygningen er der ei gamal krambu frå sist på 1800-talet, som står slik ho var då handelen tok slutt, noko før 1950. Verktøy, bøker, skomakarutstyr og saker og ting frå drifta står fortsett i hyllene. Restaureringa ble tildelt byggeskikkprisen frå Vindafjord kommune 1998. I løa var det plass til eit par kyr og nokre sauer og blei seinare kalla "studle-huset". Sjøhuset vart nytta i handelsverksemda og er truleg det eldste huset på eigedomen, med trenaglar i reisverk og i det eldste av kledningen. Huset står nå på støypte pelar, men stod før på eit bindingsverk av tømmerstokkar. Det er påbygd og utstyrt med vindeheis etter 1890. I "Saga" dreiv dei bøkkarverksemd. I øvre delen (riven) var der ei grua kor ein vermde tønnene. Ein del bøkkarverktøy er utstilt på krambua. På lemmen i våningshuset er eit rom som heiter "bøkkarrommet" kor den innleidde bøkkaren hadde sitt losji.

Gammelt strandsted med fine bademuligheter.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Svømming
Click to activate
Vindafjord, Norway
The latitude and longitude
59° 29' 48" N / 5° 54' 13" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad