Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sauda

Industriarbeidarmuseet i Åbøbyen (Ryfylkemuseet)

  • Postboks 7, Sauda
  • +47 52784200
  •  /  km From You
Overview
Details

Åbøbyen er eit bustadområde for arbeidarar og funksjonærar ved Sauda Smelteverk. Området blei bygd ut i åra frå 1916 og frametter, og det står i dag omlag 120 hus i området. Byanlegget, eller Amerikanar-byen, som det og er kalla, er eit av dei best bevarte bustadområda for arbeidarar og funksjonærar vi har frå utbygginga av den kraftkrevjande industrien her i landet.

Museumshuset, Haakonsgt. 51-53, er eit fire-familie hus bygd i 1917 og er ein av dei eldste arbeidarbustadene i anlegget.

I den eine enden av huset er det ei fotoutstilling i fyrste etasje og kontor, møterom og kjøkken i andre etasje.

I andre enden har vi i fyrste etasje innreidd eit husvære slik det såg ut da huset var om lag nytt, altså frå 1920-talet, og i andre etasje eit husvære frå 1960-talet. Til arbeidet med husværa har vi hatt god hjelp av folk som har budd i huset, og ein del av inventaret er også originalt.


For opningstider, ta kontakt med Ryfylkemuseet. Elles for grupper ved bestilling. 

Åbøbyen er oppført som kulturattraksjon i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Sauda, Norway
The latitude and longitude
59° 39' 10" N / 6° 21' 40" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad