Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Innlandsfiske på Voss

  • +47 41607700
  •  /  km From You
Overview

Voss har nærare 500 gode fiskevatn og elvar. Med lett utstyr kan ein dra i land aure og røye.

Voss har nærare 500 gode fiskevatn og elvar. Med lett utstyr kan ein dra i land aure og røye.

VOSSAKORTET FISKEKORT
Dei fleste grunneigarlaga som er organiserte i Voss Grunneigarsamskipnad har gått saman om ei felles fiskekortordning; "Vossakortet". Fiskekortet ”Vossakortet” gjeld for fiske etter innlandsfisk med krok i nesten alle grunneigar-/elveeigarlag i Voss, mellom anna i Strandaelva, Raundalselva, Vangsvatnet, Lønavatnet, Oppheimsvatnet og det meste av Myrkdalsvatnet, heile året.

"Fiskekort 1 døgn" gjeld frå bestillingstidspunkt og 24 timar fram i tid, for områda som inngår i "Vossakortet".

Du kan bestilla fiskekortet her: www.inatur.no

‭Vossakortet er også tilgjengeleg for sal hjå Voss ‭Turistinformasjon, bankane, campingplassane og nærbutikkane rundt om i kommunen.

Vatn/vassdrag som ikkje er med i fiskekortordninga er merka med oppslag. Ha alltid med deg kvitteringa for betalt fiskekort når du fiskar.

Merknader:
* Vangsvatnet er inkludert i fiskekortet, men det gjeld spesielle fiskereglar for Vangsvatnet.

* Resten av lakseførande elvar og vatn er ikkje med i fiskekortet.

* Fiskekortet gjeld heller ikkje for Moensvatnet, områda nordvest i Myrkdalen og på Vikafjellet, delar av Jordalselva og området Aldalen – Tyssen i Evanger.
 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad