Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Innlandsfiske på Voss

  • +47 41607700
  •  /  km From You
Overview

Voss har nærare 500 gode fiskevatn og elvar. Med lett utstyr kan ein dra i land aure og røye.

VOSSAKORTET FISKEKORT
Dei fleste grunneigarlaga som er organiserte i Voss Grunneigarsamskipnad har gått saman om ei felles fiskekortordning; "Vossakortet". Fiskekortet ”Vossakortet” gjeld for fiske etter innlandsfisk med krok i nesten alle grunneigar-/elveeigarlag i Voss, mellom anna i Strandaelva, Raundalselva, Vangsvatnet, Lønavatnet, Oppheimsvatnet og det meste av Myrkdalsvatnet, heile året.

Vatn/vassdrag som ikkje er med i fiskekortordninga er merka med oppslag. Ha alltid med deg kvitteringa for betalt fiskekort når du fiskar.

Merknader:
* Vangsvatnet er inkludert i fiskekortet, men det gjeld spesielle fiskereglar for Vangsvatnet.

* Resten av lakseførande elvar og vatn er ikkje med i fiskekortet.

* Fiskekortet gjeld heller ikkje for Moensvatnet, områda nordvest i Myrkdalen og på Vikafjellet, delar av Jordalselva og området Aldalen – Tyssen i Evanger.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 36' 57" N / 6° 23' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad