Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Overnatting

    Scandic Hotels - i alle landets store byer

    Nordic Choice Hotels - en annerledes hotellkjede

    Thon Hotels - fantastisk frokost

    Radisson Blu Hotels - finn dine favorittreisemål

    Citybox - moderne lavprishotell med sentral beliggenhet

    DanCenter - din feriehusekspert i Norge

    Norgesbooking - finn en koselig hytte til norgesferien

    Campcation –  Bestill camping over hele Norge med Campcation

  • Transport

    Vy - det har aldri vært enklere å reise med tog

    SJ NORD - opplevelsen starter på toget

    Vy express - reis med buss over hele Norge

    NOR-WAY Bussekspress - bussreiser i hele Sør-Norge

    DFDS - ta den behagelige sjøveien fra København til Oslo

    AutoEurope - stort utvalg og uslåelige priser

    Rent-A-Wreck - det smarte leiebilvalget

    Arctic Campers - lei din bobil eller camper

    Nordic Campers - den beste måten å se Norge på!

    Cabin Campers - nasjonalromantisk opplevelse på fire hjul

  • Reiser og rundturer

    Hurtigruten - "Verdens vakreste sjøreise"

    Authentic Scandinavia - spennende norgesreiser

    Up Norway - skreddersydde reiser

    Norrøna Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser

    Brim Explorer – Stille fjordturer med elektrisk katamaran

    Fjord Tours - opplev Norge i et nøtteskall® med kun én billett

    Fjord Travel – Bærekraftige flerdagsturer

    Go Fjords - Turer og aktiviteter over hele Norge

    Discover Norway - opplevelser i Norge. Ferdigpakka ski-, sykkel- og fotturer

    Norwegian Holidays - pakkereiser til lave Norwegian-priser. Fly, hotell og leiebil

    Expa Travel - Ekte opplevelser

    Booknordics.com - aktiviteter, safarier, turer, hytter og opplevelseshotell

    Stromma - sightseeingturer og opplevelser med buss, båt og tog.

  • Offers

Search
or search all of Norway

Eastern Norway Vestfold og Telemark SELJORD

Into the landscape

  • Brøløsvegen 28, Seljord
  • +47 35050400
  •  /  km From You
Overview

Into the Landscape International workshop 25th of September to 4th of October with Sami Rintala and Dagur Eggertsson. Resultatet er tre treinstallasjonar bygd på lokale soger og landskapet dei står i. 32 studentar frå Master of Landscape Design of Politecnico di Milano, the Master of Interior Design of NABA og 6 scenografistudentar frå scenekunstakademiet i Fredikstad, Høgskulen i Østfold kom til Seljord 24.09.09 for å vera med på workshopen "Into the Landscape". Studentane budde i campinghytter på Bjørgesanden ved Seljordsvatnet. Det var óg med 4 professorar frå Milano.

Into the Landscape

International workshop 25th of September to 4th of October with Sami Rintala and Dagur Eggertsson.

Resultatet er tre treinstallasjonar bygd på lokale soger og landskapet dei står i.

32 studentar frå Master of Landscape Design of Politecnico di Milano, the Master of Interior Design of NABA og 6 scenografistudentar frå scenekunstakademiet i Fredikstad, Høgskulen i Østfold kom til Seljord 24.09.09 for å vera med på workshopen "Into the Landscape". Studentane budde i campinghytter på Bjørgesanden ved Seljordsvatnet. Det var óg med 4 professorar frå Milano.

Studentane fekk innføring i kulturbasert stadutvikling, prosjektet Seljord og sogene, soga om Sjøormen, arkitektur, design og kunst knytt til installasjon i landskapet. Studentane var på synfaring på dei tre stadane, dei teikna og designa og bygde installasjonane. Alt skjedde på 10 dagar. 
Det var 40 svært nøgde studentar som reiste frå Seljord, og omkvedet var at dette hadde vore "once in a lifetime experience". Dei hadde ikkje vore med på maken og rekna ikkje med å få oppleva noko liknande.

Saunaen i Vebekkdalen
I utgangspunktet var dette det punktet vi trudde skulle vera vanskelegast å få gjort noko spennande ut av. Men slik det ser ut nå ligg dette an til å bli ein attraksjon! Studentane under leiing av Sami Rintala (som det må nemnast er finsk...) har bygd ein vakker røyksauna! Ein treplatting er plassert innimellom trea ned mot vatnet. I den eine delen av konstruksjonen er der laga eit magasin av steinar for fyring. Omkring dette er det bygd veggar som eit lite rom med sittebenkar omkring. Dette rommet kan stengast av og låsast om ein ynskjer det. Resten av plattingen er open og blir ein stad folk kan gå ut på, sitje ned og sjå utover vatnet. Frå parkeringsplassen vert det bygd ei gangbru som også gjev rullestolbrukarar tilgang til plattingen. Heile konstruksjonen er løfta opp frå terreng for gå klar av normale flaumar. Tilgangen til vatnet vert løyst med sittetrinn på 50 cm ned til vatnet. Materialane som er nytta i "saunaen" er tre. Gruva er bygd i stein og betong. Sami Rintala, Dagur Eggertson og Jan Feste har fylgd opp byggearbeida.

Viewpoint Grindekleiv

Staden som er vald ut ligg mellom gardane Strand og Manheim, langs den gamle ferdslevegen. Grunneigar er Harald Flaten. Plassen har eit flott utsyn over Seljordsvatnet og er spektakulær i seg sjølv! Studentane har vald å la det opne berget ligge uforstyrra med sitt flotte utsyn og har trekt installasjonen sin bakover og inn i mellom trea. Dette er eit klokt val ut frå omsyn til landskapet. Det er bygd 6 "sitteboksar" eller små rom som er plassert i ein sirkel. Boksane har opning inn mot det indre sirkelen og skaper eit intimt rom der folk kan sitje i ly mot ver og vind og snakke saman frå kvar sin boks omkring ein bålplass. Samstundes vil ein frå boksane ha utsyn i mellomromma mellom motståande boksar. Eit innramma utsyn mot Gagnås gjer at ein kan sitje i ein av boksane og sjå ut mot Gagnås, samstundes som ein får forteljinga om Gonil Dale fortalt gjennom høyretelefonar kopla til mobiltelefon t.d. Dette er ein av ideane som har lege i formidlingsdelen av prosjektet Seljord og sogene heile tida, og det ser ut til å fint la seg integrere i installasjonen her. Materialane som er nytta er tre. Boksane er fundamentert i fjell og festa med på fire armeringsjern og stolpesko. Ingar Kvålseth har hjelp til med boring og fundamentering. Knut Ansgard Skrede har fylgd opp snekkerarbeidet.

Fishingpoint Telnesøyan

Staden ligg ytst på Telnesøyan; halvøya som stikk ut i Seljordsvatnet ved Telnessanden camping på Garvikstrondi. Grunneigar er Sigmund Telnes.

Dette er også ein svært vakker plass i seg sjølv. Ein er omgjeven av vatn på tre kantar og har vakkert utsyn oppover vatnet mot garden Nes og øyane Firingholmen, Tjuvholmen og Storøy. Svaberga går skrånande ut i vatnet og fjellformasjonar dannar ulike rom og bukter. Furuskogen ligg som bakvegg innover halvøya.

På det ytste punktet her dannar fjellet ei skorte der to berg går i ulike nivå ut i vatnet. I denne skorta har studentane laga ein moderne "gapahuk". Det er tatt utgangspunkt i at dette kan vera eit fint punkt for fisking. Ein liten sitteplass i ly for regnet er passa inn mot ein bygd bakvegg og ei gruve for å grille fisken er plassert ute på svaberget. Taket over sitteplassen binder saman dei to svaberga og dannar også ei enkel bru.

Materialane som er nytta i "gapahuken" er tre. Gruva er bygd i stein og betong. Innfesting i fjellet er gjort med stålboltar. Arkitekt Dagur Eggertson har fylgd opp arbeida på plassen.



  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages