Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Hellesylt

TripAdvisor rating of 5

47

Intro topptur og skred - 6 timer

Ein trygg og god introduksjon til topptur på ski med oss i Fjord Nature.

Ønsker du å prøve ut topptur på ski, eller har du akkurat kjøpt toppturutstyr? Her får du ein god smakebit på kva dette er. Dette kurset passar for deg som er ny innan topptur og skred, og som ønsker å lære meir om dette! I løpet av 6 timer er vi på tur og lærer om korleis ein skal gå på topptur og verktøy som kan være nyttige for å gå på tur på ein trygg og god måte. Med god hjelp frå hyggelige norske naturguidar er dette den tryggaste og beste starten på toppturkarriera. Om ein ikkje har utstyr så kan dette selvfølgelig leiast av oss. 

Vi møtes på Fjord Nature basecamp Hellesylt klokka 10.00. Her blir det rask teoriøkt der vi får introdusert utstyret og dei som skal leie utstyr fåt tilpassa det. Etterpå reiser vi til dagens turmål. Turen går i enkelt terreng der vi har har overskudd til å gjennomføre øvelser og læring. Vi legg opp til lunsj midt på dagen. Vi avslutter på basecampen, ca kl 16.00.

Hellesylt ligg i Sunnmørsalpane ved enden av Geirangerfjorden. Dette er eit perfekt utgangspunkt for topptur på ski, da ein både har tilgang til dei bratte tindane rundt Hjørundfjorden, pudderkjøring på Stranda og litt snillare terreng i Hornindal. Alt innen 30 minutt med køyring. På Hellesylt har vi ein basecamp som er eit perfekt utgangspunkt for våre kurs og turar. Her kan ein tilpasse utstyr, ha teori eller slappe av med ein kopp kaffe. 

 

Dette lærer du

-Bruk av topptur/randonee utstyr

-Riktig bruk av skredutstyr

-Grunnleggande teknikk - oppover og nedover

-Enkel innføring i skredlære/teori

-Og garantert mykje meir!

 

 

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Intro topptur og skred - 6 timer

Sider du nylig har besøkt