Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Ålesund

Introduksjonskurs i risograph printing

Book
Introduksjonskurs i risograph printing

Biletkunstnar Ivan Dujmusic tek kursdeltakarane gjennom korleis ein kan skape kunst direkte på riso duplicatoren til Aggregat Kunstnarfellesskap.

Endeleg kan Aggregat Kunstnerfellesskap tilby opplæring i teknikken risograph printing, på vår nyinnkjøpte riso duplicator SF9350. Vi tilbyr 2-3 fargar i kurset og maks storleik A3-format på trykket. Maks 8 deltakarar kan delta på dette kurset. Biletkunstnar Ivan Dujmusic tek kursdeltakarane gjennom korleis teknikken gjennomførast direkte på riso duplicatoren. Samt korleis ein kan starte opp med produksjon av kunstnariske teknikkar som risograph print og artist book. Fredag 14.april kl. 18.00-20.00: Innføring i teknikken og oppsett av risografen. Laurdag 15.april kl. 12.00-16.00 Trykking direkte på risografen, i dette kurset blir det ingen digital behandling på forhånd. Søndag 16.april kl. 12.00-16.00: Vidare eksperimentering og trykking, samt enkle bretteteknikkar for kunstnarbok. Pris: 2520,- inklusiv materialar Er du interessert i å vere med på kurset, send mail til mottaketkunst@gmail.com #Risografi er ein trykkteknikk som ligg eit sted mellom det analoge og det digitale. I risografi trykkes det éin farge om gongen med stensilar tilsvarande silketrykk, men maskinelt. Originalar kan vere teikna, klipt ut, foto, flate objekt som kan skannes – eller tekst. Riso-trykkfargane er delvis transparente og blandar seg når man trykker flerie farger over kvarandre. Trykkfargane er begrensa til nokre fargar, men allikevel er det mange moglegheiter for å produsere fargesterke og unike #trykk. Eksperimentering vert ein del av prosessen i kurset! Vi sett opp kurs for meir avanserte teknikkar som fargeseparering og digitale behandlingar på eit seinare tidspunkt.

Last updated: 03/29/2023

Source: Ålesund & Sunnmøre

Introduksjonskurs i risograph printing

Book

Sider du nylig har besøkt