Lauvstad

Irenegarden

  • Utsikt frå stovevindauga til Feriehuset.
  • Vi reier alltid opp sengane til våre gjestar.
  • Kjøkenet i Feriehuset.
  • Fra kjøkenet i Feriehuset.
  • Feriehuset (oppe) og ferieleiligheita (nede).
  • Tenk å ete is til denne utsikta!
  • Vi tilrår sterkt å besøke vår lokale Trolltunga: Heidakollen og Galten.
  • Området vårt er eit eldorado for både båtliv og flotte fjellturar.
  • Garden i sommardrakt.
  • Garden i vinterdrakt.
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 90895853

  • Dalsfjordvegen 193

    Volda, Møre og Romsdal

    Vis i kart

Feriehuset og fjordutsikta som er vanskeleg å gløyme! Vi kan tilby deg eit opphald i omgjevnader som gjer at alle kan kjenne seg heime.

Irenegarden ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune, like ved der dei to fjordane Dalsfjord og Voldsfjord møtast.

Ting å gjere i området

Lauvstad er eit flott utgangspunkt for dagsturer til stadar som Ålesund, Briksdalsbreen, Geiranger, Trollstigen, Runde, Vestkapp, Måløy, Loen med meir. Området er også eit eldorado for fotturar og sjøaktiviteter, inkludert svømming, båtliv og fiske.

På Irenegarden er det to båtar til utleige, og gode fiskestader ligg rett framfor huset. Irenegarden er ellers omgitt av høge fjell, grønne åsar, fossefall og ei spektakulær fjordutsikt.

Boalternativ

På Irenegarden kan du velge mellom

Panorama-leiligheit (nedre etasje, ca.75 kvm) og

Feriehuset (etasjane over, ca. 150 kvm).

Begge har eigen inngang og er fullt utstyrt med alt som ein treng for eit lengre opphald. Alt du eigentleg treng å ta med er dine eigne kle, mat og tannbørste. Leiligheitene er reingjort, sengene er ferdig oppreidde, og du vil finne eitt sett handkle til kvar person. Der vil også vere einskilde basisartiklar til kjøken og bad, og dei reingjer også leiligheita etter opphaldet.

    Kilde: Ålesund & Sunnmøre