Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lauvstad

Irenegarden

Tenk å ete is til denne utsikta!
Feriehuset (oppe) og ferieleiligheita (nede).
Utsikt frå stovevindauga til Feriehuset.
Fra kjøkenet i Feriehuset.
Vi reier alltid opp sengane til våre gjestar.
Kjøkenet i Feriehuset.
Gode fiskeplassar ligg rett framfor garden og huset.
Området vårt er eit eldorado for både båtliv og flotte fjellturar.
Vi tilrår sterkt å besøke vår lokale Trolltunga: Heidakollen og Galten.
Garden i sommardrakt.
Garden i vinterdrakt.

Feriehuset og fjordutsikta som er vanskeleg å gløyme! Vi kan tilby deg eit opphald i omgjevnader som gjer at alle kan kjenne seg heime.

Irenegarden ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune, like ved der dei to fjordane Dalsfjord og Voldsfjord møtast.

Ting å gjere i området

Lauvstad er eit flott utgangspunkt for dagsturer til stadar som Ålesund, Briksdalsbreen, Geiranger, Trollstigen, Runde, Vestkapp, Måløy, Loen med meir. Området er også eit eldorado for fotturar og sjøaktiviteter, inkludert svømming, båtliv og fiske.

På Irenegarden er det to båtar til utleige, og gode fiskestader ligg rett framfor huset. Irenegarden er ellers omgitt av høge fjell, grønne åsar, fossefall og ei spektakulær fjordutsikt.

Boalternativ

På Irenegarden kan du velge mellom

Panorama-leiligheit (nedre etasje, ca.75 kvm) og

Feriehuset (etasjane over, ca. 150 kvm).

Begge har eigen inngang og er fullt utstyrt med alt som ein treng for eit lengre opphald. Alt du eigentleg treng å ta med er dine eigne kle, mat og tannbørste. Leiligheitene er reingjort, sengene er ferdig oppreidde, og du vil finne eitt sett handkle til kvar person. Der vil også vere einskilde basisartiklar til kjøken og bad, og dei reingjer også leiligheita etter opphaldet.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Irenegarden

Sider du nylig har besøkt