Nordic Choice Hotels - Et annerledes hotellselskap
Thon Hotels - Nytt design og fantastisk frokost
Radisson Blu - oppdag dine favorittdestinasjoner
De Historiske hotel & spisesteder - unike opplevelser
Rundreiser og kortferier med De Historiske hotel & spisesteder
Up Norway – matcher deg med din drømmereise
Reiser i Norge med Authentic Scandinavia
Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser
Widerøe - tar deg helt frem
Momondo - finn rimelige flybilletter
AutoEurope - stort utvalg til uslåelige priser
Hurtigruten - "verdens vakreste sjøreise"
IVAR AASEN-TUNET gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn og heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg. Tida går fort i utstillingane som er til å sjå og ta på. Kvar dag fortel vi noko nytt om all verdas språk og språk i Noreg. IVAR AASEN (1813-96) var språkforskaren og diktaren som endra norsk historie. Han bygde det nynorske skriftspråket på levande dialektar frå heile landet, og skapte nokre av dei mest folkekjære songane.
DEI NYNORSKE FESTSPELA er det årlege høgdepunktet i kulturprogrammet i tunet. Dei nynorske festspela 7.–10. juni 2018 er fire fullspekka dagar med variert program for ein kvar smak: konsertar, forfattarmøte, samtalar, foredrag, kurs og utstillingar. I år har Festspela ekstra mykje for barn og unge.
KAFEEN byd på smakfull mat og ferske aviser frå mange stader i landet.
BUTIKKEN rommar hundrevis av varer og gåveartiklar i mange prisklassar. Mykje av dette finn du berre hos oss.
OMVISINGAR i sommarsesongen der borna får bli med Lurivar på omvising utvalde veker. På sommarprogrammet finn du noko både for liten og stor. Sjå www.aasentunet.no .