Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vassenden

Jølster Skisenter

Bestill
Jølster Skisenter
Jølster Skisenter
Topptur i Sunnfjord
Jølster Skisenter
Jølster Skisenter

Hos familievenlege Jølster Skisenter finn du skiløyper frå den heilt ferske nybegynner til den røydne som krev utfordringar.

Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper frå den heilt ferske nybegynner til den røydne skiløpar som krev utfordringar. Her finn du samla lengde preparerte ski løyper på om lag 4000 meter.

Tre skiheisar og flotte frikøyringsområdet

Her kan du velge mellom dei tre skiheisene; Kvamsheisen, Bjørkeliaheisen, samt barne-/familietrekket Hauglandsheisen. Barne- og familieheisen er ein gratisheis for alle. I tillegg til skiheisene finn du også flotte frikøyringsområdet, både ovanfor tregrensa og nede i skogen. I fjella kring skisenteret finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor.

Lysløype for langrenn

Jølster Skisenter har også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, lysløyper for langbrenn og 10-30 meters hoppbakke. I tillegg finn du også skileikeanlegg og to svært særprega grillstover.

Fasilitetar ved anlegget

Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafé, skiutleige og sanitæranlegg.

Kor ligg Jølster Skisenter?

Jølster Skisenter ligg ved Jølster, om lag tre timar nord for Bergen langs E39. Nærmaste flyplass; Bringeland ligg om lag 35 minutt unna.

Skuleskidagar

Jølster Skisenter har lang erfaring med å arrangere skuleskidagar. I tillegg kan dei hjelpe til med å arrangere aktivitetsdagar for bedrifter der hyggjeleg sosialt samkome kan kombinerast med skiinstruksjon, bedriftsrenn eller kva du måtte ynskje. Varmestove og grillstove er tilgjengeleg.

Kilde: Visit FjordKysten

Jølster Skisenter

Bestill

Sider du nylig har besøkt