Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Jølstraholmen

Bestill

Omgitt av elvar, isbrear og turvennlege fjell, er Jølstraholmen den perfekte plassen for eit aktivt med likevel avslappande opphald, i kontakt med naturen.

Jølstraholmen er ei familieeigd bedrift gjennom 3 generasjonar, heilt sidan 1962. I dag har Jølstraholmen over 100 sengeplassar fordelt på 23 forskjellige hytter, lodger og suiter langs elva Jølstra. På plassen finn du riverside badstue, naturbasseng, vannsklie, stor leikeplass, zipline, interaktive leikeapparat, grillplass, ein stor daglegvarebutikk, bensinstasjon, kafé og ladestasjon for elbilar.

Stort utval av utleige

Jølstraholmen byr på ein aktiv ferie for både store og små. Leig el-båt, kajakk, kano eller SUP og utforsk vakre Jølstravatnet på nært hald. Om du ønskjer å sjå korleis fjella speglar seg i den blanke overflata ved vatnet kan du leige el-syklar og syklar til bruk i området. Avslutt dagen i den heite badstua ved elvakanten. Er du ein av dei som våga eit forfriskande bad i elva først?

I nærliggande område finn du:

Jølster er kjent for vakker natur og eit rikt kulturliv. Rett ved sidan av Jølstraholmen finn du ei 18-håls golfbane drifta av Sunnfjord golfklubb, og Jølster skisenter med løyper for både store og små. Jølstravatnet er ein av dei beste fiskevatna for aurefiske i Nord-Europa, og elva Jølstra kan skilte med det same. Jølster kan også skilte med eit rikt kulturliv gjennom blant anna namn som Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas. Det er lett tilgang til både brevandring og toppturar både til fots og på ski. Jølster gir deg med andre ord dei perfekte rammene for ein aktiv og innhaldsrik ferie for heile familien.

Green Key-sertifisert bedrift

Jølstraholmen er Green Key-sertifisert, og har eit stort fokus på berekraft og berekraftig utvikling. Plassen er 100% sjølvforsynt med eigenprodusert grøn vasskraft frå elva, gjennom eit mikrokraftverk. Naturbassenget og vannsklia går på reint vatn som kjem direkte frå elva og går direkte ut igjen i elva, utan tilsett kjemikaliar.

Utforsk Jølster med sin frodige og uberørte natur

Jølstraholmen ligg i Fjord Norge regionen, som er rekna som eit av dei vakraste delane i Norge. Med sin fantastiske frodige og uberørte natur, friske luft, reint vatn, mykje kultur og vennleg lokalbefolkning som gjerne visar deg ein topp eller to som ein kan utforske utan å treffe ei sjel. Her kan du kombinere ein uforstyrra skitur, fisketur, naturskjønn fjelltur eller fottur langs elvar og fossefall, med komfortable overnatting og aktivitetar på Jølstraholmen.

Det er enkelt å nå plassen med både bil og buss. Berre 45 minutt køyring frå nærmaste flyplass, Bringeland lufthamn i Førde, eller 3,5 timer frå Flesland flyplass i Bergen.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Jølstraholmen

Bestill

Sider du nylig har besøkt