Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Vassenden

Jølvassbu Camping

  • +47 92062203
  •  /  km From You
Overview
Details

Jølvassbu Camping er ein liten, intim campingplass som er lokalisert ved Vassenden sentrum på sørsida av elva Jølstra. Du vil her finne fred og ro i naturskjønne omgivnader som vil gje deg sanselege opplevingar av rennande vatn og fossande stryk. Vi har 35 sengeplasser fordelt på 5 hytter, samt plass til 20 bubiler/campingvogner i tillegg til teltplassar. I fellesbygget finn du resepsjon / kiosk der vi sel bl.a. fiskeutstyr. Vi har fiskekort og utleie av båtar og fiskeutstyr. Vi tilbyr trådlaust internett og fjernsyn i 3 av hyttene.


Jølstravassdraget er eit eldorado for aurefiske, og eit av dei beste i Europa. Hovedvassdraget er 50 km langt og har god plass til alle. Treng du litt opplæring i fiske, valg av rett fiskeutstyr eller valg av fiskeplass, kan vi hjelpe deg med dette. Frå Jølvassbu kan du sykle i nydeleg natur langs Jølstravatnet eller elva og vidare til dei mange dalane i området. Med lite trafikk og ulike val mellom lette eller meir kravande løyper er dette noko for dei fleste.


Jølster har ein vakker og variert natur. Frå elv, innsjø, skogkledde lier til stupbratte fjell med breen på toppen. I heile kommunen er det merka turløyper der nokre har gangavstand frå Jølvassbu Camping. Vi har lokale kart i kiosken og ønskjer å hjelpe deg med den informasjonen du treng. Like ved Jølvassbu ligg ei flott badestrand, Jølster Rafting og Jølstramuseet. På breen må ein ha guide, du kan melde deg på breturar ved Jølster Turistinformasjon.


Jølster Skisenter tilbyr alpine løyper som passar for alle, frå den heilt ferske nybegynnar til den erfarne alpinist som krev tøffe utfordringar. Samla lengde nedfartar er ca. 4000 m med 4 heiser og terrengpark. Jølster Løypelag har preparerte turløyper til Gjesdalen, i tillegg til lysløype. Ein kan gå på ski frå Jølvassbu til lysløypa.


For info/priser sjå websida.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Årstid
  • Hele året

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
Click to activate
Jølster, Norway
The latitude and longitude
61° 29' 29" N / 6° 6' 46" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad