Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hjelmeland

Jøsenfjorden

  • +47 51759510
  •  /  km From You
Overview
Details

Jøsenfjorden er ein sidefjord av Boknafjorden i Hjelmeland kommune, midt i Ryfylke i Rogaland. Fjorden strekk seg rundt 27 km frå Hjelmeland/Nesvik inn til Førrebotn. Fjella ruver på begge sider av fjorden, og stig rett opp til høgder på over 700 meter over havet.

Å ro eller segla Jøsenfjorden, er noko forfedrane våre har gjort i uminnelege tider. Før køyrevegar på land blei bygde, var fjordane hovudferselsåra for alle fjordbuar. Langs begge sider av fjorden ligg det både lvskraftige gardsbruk i drift og forlatne gardar og husmannsplassar. Havbruksanlegg finst det og i Jøsenfjorden, både for laks og kveite. Spennande segn og rare namn fortel om større bruk av fjorden som ferdselsåre før enn no.

Utsikta kan beundrast frå bil langs Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 13) på nordsida av fjorden inn til bygda Jøsenfjorden, som ligg solrikt til. Den inste delen av Jøsenfjorden, inn mot Førre, må ein nyta frå båten.

Den siste ferda inn til Førrebotn byr på majestetisk og vill natur. Kan ikkje skildrast – må opplevast! Her er bratt og dramatisk, men under steile fjellet er graset likevel ingen stad grønare og saftigare enn her. Førrebotn har den tidlegaste våren i denne delen av Ryfylke. Ein båttur på fjorden er ei minnerik oppleving der du kan sjå mektige fjell, lakseoppdrett og kveiteoppdrett, avsides gardar og husmannsplassar, og er du ekstra heldig kan du sjå havørna sveva over fjorden. Godt fiske har Jøsenfjorden alltid vore kjent for, og makrellsete er framleis i bruk.

Utsikta kan òg nytast frå fjellformasjonen Skomakarnibbå sør for fjorden. På klåre dagar er det frå utsiktsplassen på Øksnafjellet og ved Skomakarnibbå eit fantastisk skode over fjell, fjord og øyriket vest- og nordover. Den markerte fjellnibba skal i følgje eit gamalt segn, rasa ut i fjorden den dagen sju brør giftar seg med sju systrer og ror til kyrkje ut fjorden. Namnet Skomakarnibbå har den særprega formasjonen frå eit anna segn om ein skomakar som skal ha sitte her og sydd eit par sko som straff.

Jøsenfjorden er oppført som ei oppleving i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Årstid
  • Sommer
Click to activate
Hjelmeland, Norway
The latitude and longitude
59° 15' 29" N / 6° 10' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad