Nordic Choice Hotels - Et annerledes hotellselskap
Thon Hotels - Nytt design og fantastisk frokost
Radisson Blu - oppdag dine favorittdestinasjoner
De Historiske hotel & spisesteder - unike opplevelser
Rundreiser og kortferier med De Historiske hotel & spisesteder
Up Norway – matcher deg med din drømmereise
Reiser i Norge med Authentic Scandinavia
Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser
Widerøe - tar deg helt frem
Momondo - finn rimelige flybilletter
AutoEurope - stort utvalg til uslåelige priser
Hurtigruten - "verdens vakreste sjøreise"
Eit historisk jole-opplegg for dei minste skuleelevar i Vest-Telemark.
Kvart år arrangerer Vest-Telemark Museum «Jol i gamle dagar» for småstega i skulane i Vest-Telemark.
Opplegget varer i ca 2 skuletimar og inneheld forteljing, mat og utandørs aktivitet.
Mer om innhaldet kan du lese i brosjyra (sjå øvst til høgre).
Me tilbyr opplegget ved desse plassane:
Kviteseid bygdetun, Flekstveitstoga
Fyresdal bygdemuseum, Bjørnstadstoga
Øyfjell bygdemuseum, Mostøylstoga
VTM Eidsborg, Juvestoga
Seljord, Gongestoga (Dyrskuplassen)
Me set ei øvre grense på 20 elevar for kvar økt og oppmodar skular med små klasser om å samordna seg imellom. Ta kontakt om klassa er større.
Opplegget er ope for heile småsteget. Me oppmodar skulane om å prioritere dei av klassane som ikkje har delteke i opplegget tidlegare.
VTM sender ut brev til kommunane sine DKS-kontaktar i løpet av hausten. Påmelding skjer gjennom DKS i november.
Det er særs viktig at ungane har med seg gode ytterklede og ein varm genser; sjølv om me fyrar i stogene kan det vera trekkfullt og kaldt.
Skulane organiserer transport. Me oppmodar lærarane om å førebu temaet i klassane og delta aktivt i opplegget. Gjerne ta t.d. med gamaldags jolepynt som me kan snakke rundt. Vedlagt ei brosjyre med detaljar.
Me ynskjer småskuleelevane frå Vest-Telemark velkomne til årets «historiske» jol!