Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sauda

Jonegarden på Hustveit (Ryfylkemuseet)

  • Hustveit, Sauda
  • +47 52792950
  •  /  km From You
Overview
Details

Hustveit ligg opp frå fylkesveg 520 omlag midtvegs mellom Ropeid og Sauda i Ryfylke. Ryfylkemuseet eig Jonegarden, det eine av dei to gardsbruka på Hustveit.

Bygningane på garden er sette i stand slik dei sto på slutten av 1800-talet. Løa er flytta frå Tysseland, men står på murane til den opphavlege løa på garden. Ved Kvednafossen, ein liten spasertur langs den gamle ferdselsvegen mellom Ilstad og Honganvik, ligg eit fint anlegg av kvernhus, korntørke, sag og buhus som i seinare tid blei brukt til verkstad. Inventar i hovudbygningen er det opphavlege. Bygningen har såleis stor grad av autentisitet.

Området er særleg godt eigna til friluftsliv og turar. Stølen, som ligg eit par timars gange frå garden, er restaurert, har eit par sengeplassar og er open for publikum.

Det er gjort utførleg greie for gardshistoria i ”Folk i Ryfylke”, årboka til Ryfylkemuseet, for 2005. 


Løa med utstilling er ope heile året.
Husa på tunet er stengde, men opnast for grupperetter forespørsel.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Sauda, Norway
The latitude and longitude
59° 34' 21" N / 6° 17' 11" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad