Jostedal











Jostedal Camping ligg solrikt, roleg og idyllisk til ved breelv i Jostedalen, berre 6 km frå Nigardsbreen og Bergsetbreen. Rafting rett frå campingplassen.
Guida breturar på Nigardsbreen, kombinerte turar med kajakkpadling og brevandring (Styggevatnet/Austdalsbreen), ravinetur/canyoning i Leirdalen. Perfekt utgangspunkt for fjellturar i dei to Nasjonalparkane like ved, Jostedalsbreen og Breheimen. Breheimsenteret Nasjonalparksenter og Museum ligg berre 2, 5 km unna. 150 m frå campingen ligg ein Jokerbutikk/bensinpumpe og hotell med kafeteria. 12 hytter med ulik standard og størrelse. Moderne sanitæranlegg. 48 CEE straumuttak (16 A) for bubilar, campingvogner og telt.
Kilde: Visit Sognefjord AS