Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Jostedal Hotell Kafe & Bar

Jostedal Hotel Kafe & Bar serverer eit variert utval av varme og kalde rettar. Med fokus på tradisjonell heimelega mat, og i stor grad produkt frå eigen gard.

Vil du smake på kanskje Norges beste kjøttkaker? På Jostedal Hotell kjenner du lukta av nysteikte kjøttkaker laga av Laila. På tallerken får du servert store og fine kjøttkaker, svinesteik, dampa grønnsaker, poteter, nydeleg brun saus og tyttebær syltetøy! Ja, du blir garantert mett.

I kafeen får du servert dagens som kan være kalvesteik, reinsdyrsteik, biffgryte med grønnsaker og poteter. Ellers så kan du velje i a la carte menyen som hamburger eller pizza. Kva med dessert? Ostekake, is, friske bær og andre typer kaker.

Den nyrestaurerte smørstova frå tidleg 1800-tal er perfekt til spesielle arrangement. Jostedalen er truleg den beste plassen å vere dersom du er interessert i natur og friluftsliv. Det er nok å nemne breturar på Nigardsbreen, kajakkpadling på Styggevatnet, eller fine turar til ein av stølane i fjella rundt Jostedalen.

Last updated: 11/15/2023

Source: Visit Sognefjord AS

Jostedal Hotell Kafe & Bar

Sider du nylig har besøkt