Jostedal Turistinformasjon
Breheimsenteret ligg ved inngangen til Nigardsbreen naturreservat, med utsikt til det karakteristiske brefallet Nigardsbreen
Breheimsenteret er turistinformasjon for dei som kjem på besøk til Jostedalen. Vi har mykje kunnskap om området, så kom gjerne innom om du ønskjer tips og råd for opphaldet ditt.
På senteret finn du alt du treng av brosjyrar og informasjon, og du kan booke turar med Jostedal Breførarlag og Icetroll. Vi hjelper deg med å planleggje opphaldet ditt!
Prisar og opningstider
Opningstider:
Senteret er ope kvar dag frå 1. mai – 30. september.
1. mai – 24. juni – 10.00–17.00
25. juni – 8. juli – 09.00- 18.00
9. juli – 6. august- 09.00- 20.00
7. august – 20. august – 09.00 – 18.00
21. august – 30. september – 09.00 – 17.00
Prisar utstilling:
Vaksne: 95 kr
Barn under 10 år: Gratis
Barn, honnør, student og gruppe: 65 kr
Kilde: Visit Sognefjord AS
Jostedal Turistinformasjon