Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Jostedalsbreen Nasjonalpark

Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen.

Denne nasjonalparken er kjenneteikna av ei enorm spennvidde i naturtypar innan korte avstandar. Her er alt frå frodige dalar til karrige fjell- og isbrelandskap, og ein kort fottur i dette området er som å gå frå ei årstid til ei anna.

Jostedalsbreen Nasjonalpark er lett tilgjengeleg i mellom anna Jostedalen og Veitastrond (Luster kommune), og i Fjærland (Sogndal kommune). I området kring breen er det mogleg å delta på aktivitetar som brevandring, fjellturar og kajakk, og oppleve besøkssenter for nasjonalparken. Besøkssentera er Breheimsenteret i Jostedalen og Norsk Bremuseum i Fjærland. I tillegg finst det eit besøkssenter i Oppstryn (Stryn kommune).


Føremålet med nasjonalparken er:


Å verne eit stort, variert og verdfullt breområde med tilhøyrande område med plante- og dyreliv og geologiske førekomstar frå lågland til høgfjell

Å gi høve til naturopplevingar ved å drive friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging

Å verne om kulturminne og kulturlandskap


Fakta om Jostedalsbreen

Areal: 474 km²

Lengde: 60 km

Største høgde: 1957 m o.h. (Høgste Breakulen)

Minste høgde: 60 m o.h. (foten av Supphellebreen)

Maksimal tjukkleik: 571 m

Størst målt årleg snøfall: 12 m

Total utgraving av steinmateriale: 400.000 tonn/år (tilsvarar kring 40 000 lastebillass)

Brevolum: 73 km³ Ferskvassinnhald: 73 · 10¹² liter = 300 tusen millionar badekar med vatn

= Heile Noreg sitt vassforbruk i 100 år


Last updated: 06/20/2023

Source: Visit Sognefjord AS

Jostedalsbreen Nasjonalpark

Sider du nylig har besøkt