Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Oppstryn

Jostedalsbreen Nasjonalpark

  • +47 48002997
  •  /  km From You
Overview
Details

Jostedalsbreen Nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit område på 1310 km2. Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa, og dekkjer 487 km2 av parken. Nasjonalparken har òg mange andre store og mindre brear. 7 kommunar har område i nasjonalparken og Jostedalsbreen skil to av dei lengste fjordane i verda, Sognefjorden og Nordfjorden. I 2008 fekk Stryn status som Nasjonalparkkommune.

Isbreane er naturlaboratorium, særleg for klimaendringar, geologi og vegetasjon/planteliv. Brerørslene er med på å stadig endre landskapet. Smeltevatn frå isbreane renn saman og samlar seg i breelvar, ein av dei særskilte kvalitetane ved Jostedalsbreen Nasjonalpark. Nasjonalparken varierer frå frodige dalar til alpine fjell og arktisk klima. Kjernen av nasjonalparken er urørt landskap og kan berre nåast til fots. Ved breen er eit interessant kulturlandskap, framleis i bruk til landbruk og beiting. Jostedalsbreen Nasjonalpark har kring 600 000 besøkande kvart år.

Noko av det mest spesielle med Jostedalsbreen i gamle dagar var slektskapet og samhaldet mellom bygdene på kvar side av breen. Dei gamle ferdselsvegane kryssa breen.

I Nordfjord kan du sjå brearmar av Jostedalsbreen. Nokre av desse er Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen og Bødalsbreen.

På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter kan du lære meir om nasjonalparken.

Dersom du ynskjer å oppleve breen på nært hald kan du vere med på ein guida bretur.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Landskap
  • Kystområde
  • Fjordområde
  • Innsjøområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Hele året
  • Sommer

Overnatting

Camping
  • Sanitæranlegg

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand
  • Jakt og fiske
  • Svømming
  • Vannsport

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 40' 31" N / 6° 59' 4" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad