Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Oppstryn

TripAdvisor rating of 4

82

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Ved norsida av Europa sin største fastlandsis ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Senteret ligg plassert midt i det ville norske fjordlandskapet, tett omkrinsa av frodige dalar og bratte fjell. På senteret blir det formidla naturverdiar, kulturminner og historia om folket i og kring nasjonalparken.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter ligg i Oppstryn, og er autorisert som besøkssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark. Hovudbygning er bygd etter same prinsipp som eit vikinghus, og er omtrent like stor som det største vikinglanghuset som er funne i Norge. Inne på senteret kan ein lære om korleis livet i nærleiken av breen har vore gjennom tidene. Her kan ein få kjennskap til dei første breførarane og kva utstyr dei nytta. Ein kan finne ut korleis landskapet ein ser i dag har blitt påverka av brear gjennom tidene og kva som skjer med isbreane i dag. Få eit unikt innblikk i dei tragiske og dramatiske Lodalsulukkene gjennom ei digitalisert samling avisutklipp frå 1936. I den botaniske hagen kan ein nyte den vakre utsikta over Oppstrynsvatnet, fjell, brear og elvar som ligg rundt. Opplev det rike biologiske mangfaldet norsk natur har å by på. I den geologiske parken kan du sjå 26 bergartar henta frå regionane; Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Bli med på ei geologisk reise gjennom millionar av år. I tillegg til dette har senteret ein spisesal med 115 sitjeplassar, kafê med sal av kaffe/te og småkaker og ein gåvebutikk med steinsmykker, varer av norsk design, lokalmat, bøker, kart m.m. Nasjonalparksenteret leiger ut kano (firemanns) og SUP-brett.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nordfjord

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Sider du nylig har besøkt