Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sogndal

Jostedalsbreen på langs

  • Fosshaugane Campus, Trolladalen 30, Sogndal
  • +47 41146070
  •  /  km From You
Overview

Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa. Vi inviterer deg til å bli med på ein skitur over 3 dagar frå nord til sør. Josten blir også kalla Norges tak, mykje grunna utsikten der oppe.

Første dagen går vi opp Erdalsbreen via brefallet Småttene. Vi overnattar i Ståleskaret like ved Lodalskåpa. Dette er ein tøff dag med tanke på oppstigning, men fordelen er at ein er ferdig med den verste stigninga.

Neste dag går turen over sjølve breplatået til Ramnane. På vegen går vi over høgste Breakulen samt passerer fjellet Kjendalskruna. Det er ein relativt lang dag, men er været godt har me ei fantastisk utsikt mot havet og Jotunheimen.

Tredje dagen passerer vi Bings gryte, eit spennande vindfenomen der breen er på sitt smalaste. Dersom det er tid, blir det ein tur innom Supphellenipa, før vi sklir nedover til Flatbrehytta. Frå hytta går det bratt ned igjen til Fjærland og ein grøn og frodig vår.

Dato:
Ta kontakt for informasjon om dato.

Pris:
Maks 8 deltakara pr vegleiar.

Kontakt oss for pris. Prisen dekker ein lokalkjent breførar samt lån av breutstyr. Mat, transport og utstyr for vinterfjellet må du fikse sjølv, men Bre og Fjell hjelper til med samkøyring av utstyr og transport.

Ta kontakt for påmelding eller spørsmål.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Sogndal, Norway
The latitude and longitude
61° 13' 54" N / 7° 5' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad