VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Jotunheimen | Nasjonalpark

  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

Noregs høgaste fjell, Galdhøpiggen ligg i Jotunheimen nasjonalpark, som vart oppretta i 1980. Området er kjent for sine høge fjell og majestetisk fjellnatur.

Jotunheimen nasjonalpark | Kjempanes fødeland

Jotunheimen nasjonalpark har dei høgaste fjella i Noreg - med Galdhøpiggen som den høgaste toppen. Nasjonalparken er kjend som ei populær base for tradisjonelt friluftsliv, fotturar, toppturar, jakt og fiske.

Jotunheimen nasjonalpark ble etablert i 1980. Han strekk seg over eit 1151 km2 stort område i Lom, Vågå og Vang i Oppland fylke, og Luster og Årdal i Sogn og Fjordane.

Fjellnatur og isbrear
Jotunheimen har majestetisk fjellnatur med høge fjelltoppar, isbrear, særeigne vassdrag og sjøar, spor etter jakt og fangstkultur, intakt seterlandskap og rik flora der mange planter når sin høgderekord. I Jotunheimen finn du dei mektigaste og høgste fjelltoppane i Noreg, med Galdhøpiggen 2469 meter over havet som ruvar høgast.  

Jotunheimen dekker alt frå vestlandsk natur, med høge og kvasse tindar i Hurrungane som det mest særmerkte, til austlandsk natur med store dalar og fjellvatn. Utladalen er verna som landskapsvernområde saman med Jotunheimen nasjonalpark. I denne tronge og eigenarta dalen finst varmekjær lauvskog og høge fossar.

Aktivitetar i Jotunheimen: 
Opplev fottur frå hytte til hytte på godt merka stiger, toppturar, brevandring, tinderangling, klatring og sommarski på langrenn og alpint. Om du ikkje vil gå på eiga hand kan du leige deg fjellførar. Fleire aktivitetsselskap og turlag har tilbod om organiserte turar i nasjonalparken.

Jotunheimen er eit av dei mest populære områda for toppturar og fjellvandring. Om lag 300 km. turstigar er T- merka, og du kan overnatte på ei rekke betente og ubetente turisthytter i og utanfor nasjonalparken.

Fakta:
Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta i 1980.
Arealet i Jotunheimen nasjonalpark er ca. 1151 km2  og ligg i  Lom, Vågå og Vang i Oppland fylke, og Luster og Årdal i Sogn og Fjordane.

Formålet med nasjonalparken er å verne eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med dyre- og planteliv på overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur. I nasjonalparken skal det innafor visse rammer vere høve til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske, undervisning og forsking.

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages