Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Bøverdalen
TripAdvisor rating of 4.5

97

Jotunheimen fjellstue

Bestill
Jotunheimen fjellstue
Jotunheimen fjellstue
Jotunheimen fjellstue
Jotunheimen fjellstue
Jotunheimen fjellstue
Jotunheimen fjellstue
Jotunheimen fjellstue
Jotunheimen fjellstue
Jotunheimen fjellstue

Jotunheimen fjellstue ligg idyllisk til ved foten av fjellet Loftet, langs Sognefellsvegen (Fv.55) i Lom. Ei perfekt base for fotturar, toppturar, fiske, sykkel, brevandring og skiturar i Jotunheimen.

Jotunheimen Fjellstue ligg langs nasjonal turistveg Sognefjellet, FV 55, ved inngangen til Jotunheimen nasjonalpark - med utsikt mot majestetisk fjellandskap. Her har du enkel tilgang til fleire av Jotunheimen sine mange 2000-meterstoppar på dagstur.

Den privateigde fjellstova vart bygd i 1947, men har gått gjennom mange runder med restaurering og fornying. I dag er dette ei moderne fjellstue som har stort fokus på gode matopplevingar. Kvar kveld blir det servert ein 3-retters gourmetmiddag laga av lokale råvarer.

Her kan du finne ro, anten du sit i solveggen og nyt den fantastiske utsikta mot Hestbrepiggane i Breheimen eller om du kosar deg inne framfor peisen medan vinden riv i veggane. Fjellstua er eit godt utgangspunkt, både for deg som søker rolige dager i fjellheimen og for deg som ynskjer meir ekstreme utfordringar. Her bur du dessutan midt i eit eldorado for jakt om hausten, fiske, brevandring og fotturar gjennom heile sommaren - og toppturar på ski om vinteren. I området er det også mange fine sykkelruter å velje i.

Jotunheimen fjellstue ar eigen restaurant, kafé, peisstue, bar, internett og rom med dusj/WC.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Jotunheimen fjellstue

Bestill

Sider du nylig har besøkt